Velkomen til det norges beste skiterreng!

Hjå Voss Resort vil heile familien trivast, og me har løyper som er tilpassa alle nivå.

Kveldskøyring:
Det er kveldskøyring kvar onsdag og fredag kl. 18-21.
I kveld 24.januar går Alphaheisen og Grebbebåndet.
 

  • 40 kilometer preparerte alpinløyper, med enkle bakkar for nybyrjarar til krevjande terreng for dei beste.
  • 11 heisar og trekk med ein samla kapasitet på heile 12 000 personar i timen.
  • 21 nedfartar (sjå løypekart).
  • 18 kilometer preparerte og sporsette langrennsløyper.
  • Ekspressheis som tek deg frå Bavallen opp til fjellet på fem minutt.
  • Tre område for borna: Grebbesbakken, Badnakrokjen og Vetlebakken.
  • Skiskule og skiutleige, både i Bavallen og på toppen av gondolbanen på Hanguren.
  • Hovedpark på Slettafjellet, og ein park på Tråstølen (blå) som ein og kan bruka på kveldskøyring.
  • Big Air Bag på Slettafjellet.
  • Snøkanoner sikrar snø i deler av anlegget heile sesongen.
  • 4 serveringsstader i anlegget 
  • 700 gratis parkeringsplassar i Bavallen.
  • Gondolbanen Hangursbanen i gangavstand frå sentrum.
  • Fantastiske forhold for laussnøkøyring (her lyt ein merkje seg at køyring utanom preparerte løyper skjer på eige ansvar)

 

Langrenn på Voss - mange mogelegheiter

Voss Resort
Me har omlag 18 kilometer med flotte langrennsløyper på fjellet, rundt området ved Hanguren.
Løypene vert jamnleg preparert, og er alltid sporsett. Løypene er for det meste nokså flate, med noko kupert terreng imellom.
Det er tre løyper: den gamle ljosløypa på omlag 6 kilometer, Raugstadløypa på omlag 3,5 kilometer og turløypa til Raudekrossen si hytte, på omlag 8,5 kilometer.
Ved å klikke deg inn på Skisporet.no kan du halda deg "augneblinksoppdatert" om når løypene sist vart preparert, og elles få nærare informasjon om løypene.

Voss ski- og tursenter
Ynskjer du litt variasjon, kan me anbefale ein tur til Voss ski og tursenter i Herresåsen.
Her finn du over 25 kilometer med fine langrennsløyper for heile familien.
Det er omlag 15 minutt køyring frå Bavallen til parkeringsplassen i Herresåsen