Velkomen til Voss Resort – vestlandet sitt største skianlegg
Hjå oss kan du boltre deg i heile 40 kilometer preparerte alpinløyper, 24 varierte nedfartar og eit av europas beste kveldskøyringstilbod.
Voss Resort ligg tilknytt Voss sentrum og berre 100 km frå Bergen. Den unike plasseringa av gondolbana vår ved togstasjonen, gjer at du kan reisa både raskt og miljøvennleg til fjells.
Ope hus - prøvesmak vår nye meny
Kom og prøvesmak på vår nye meny fredag 21. november på Hangurstoppen – gratis billett.
Kjøp sesongparkeringskort
Denne vinteren kan du sikre deg sesongparkeringskort for berre 990 kr! Kortet gjeld i skianleggets opningstider heile sesongen – så lenge det er ledig kapasitet.
Kjøp skipakke – spar 20 % på skikort og overnatting!
Snart startar skisesongen på Voss Resort! Med våre skipakker kan du ta gondolen rett frå Voss sentrum og opplev variert terreng for både nybyrjarar og erfarne.
No kan du bestilla 4. klassekort frå Voss Resort
4. klassekortet er eit gratis årskort til alle fjerdeklassingar med bustadadresse i Vestland fylke. Kortet gjev tilgang til heile skianlegget i vintersesong, samt gondolen i heile perioden kortet er gyldig.
Bu tett på vintereventyret
Frå fyrste snøfnugg til siste kveldsljos i bakken – her bur du midt i vintermagien. Enten du ønskjer ei varm og lun hytte, ei moderne leilegheit eller panoramautsikt over snøkledde fjell, finn du overnatting som passar deg på Voss. Med kort veg til ski, vinteraktivitetar og roleg natur – alt på ein stad.
Møte, konferanse og selskap i Voss Resort
I Voss Resort kan me legge til rette for ulike typer arrangement med utsikt. Me tilbyr ei unik ramme for å halde møter, kurs, konferansar og selskapsarrangement. Me har sentrumsnære hotell, i tillegg til hytter og leiligheiter med flott utsikt.
Voss – nærmare enn du trur
Midt i Vestlandets leikegrind, berre 1,5 time frå Bergen. Gondolen tek deg frå tog til topp på få minutt – og hyttene ligg berre ein kort biltur unna. Tog til Voss, gondol til topps, og hyttene rett rundt svingen. Lett å koma til, vanskeleg å dra ifrå. Klar for fjellet?