Velkomen til Voss Resort
Temperatur: 11°C
Vêr: Fare for regn
Stengt no
I dag: 10:00 – 16:00Sesongstengt
I dag: SesongstengtOpne løyper: 0/1
I dag: SesongstengtDette skjer i Voss Resort
Sjekk aktivitetskalendaren for å sjå kva som skjer under ditt besøk. Her får du full oversikt over arrangement og aktivitetar året rundt.
Velkomen til Voss Resort!
Opplev fjellet med enkle turar, panoramautsikt og aktivitetar for heile familien!


- Hangurstoppen Restaurant: Smakfulle rettar høgt til fjells.
- Gondol: Topptur med kvilepuls – open gjennom heile året.
- Fjellturar: Flotte turstiar som passar for alle.
- Bading i Valbergstjørni: Nydeleg lite fjellvatn med utsikt mot Lønahorgi.
- Hanguren Panorama: Fantastisk rundtur på om lag 800 meter, tilrettelagd for familiar med og utan barnevogn.
- Hangurshusko: Kjenn kjensla av å «flyga» høgt over heile Voss.
- Instaspots: Utkikkspunkt som passar perfekt for bilete – eller for å nyta augneblinken utan skjerm.
Reise til Voss Resort
Voss – nærmare enn du trur
Voss Resort ligg tilknytt Voss sentrum og berre 100 km frå Bergen. Den unike plasseringa av gondolbana vår ved togstasjonen, gjer at du kan reisa både raskt og miljøvennleg til fjells.
Midt i Vestlandets leikegrind, berre 1,5 time frå Bergen. Gondolen tek deg frå tog til topp på få minutt – og hyttene ligg berre ein kort biltur unna. Tog til Voss, gondol til topps, og hyttene rett rundt svingen. Lett å koma til, vanskeleg å dra ifrå. Klar for fjellet?


Overnatting
Bu tett på vintereventyret
Frå fyrste snøfnugg til siste kveldsljos i bakken – her bur du midt i vintermagien. Enten du ønskjer ei varm og lun hytte, ei moderne leilegheit eller panoramautsikt over snøkledde fjell, finn du overnatting som passar deg på Voss.
Med kort veg til ski, vinteraktivitetar og roleg natur – alt på ein stad.




Arrangementer og konferanser
Møte, konferanse og selskap i Voss Resort
I Voss Resort kan me legge til rette for ulike typer arrangement med utsikt. Me tilbyr ei unik ramme for å halde møter, kurs, konferansar og selskapsarrangement. Me har sentrumsnære hotell, i tillegg til hytter og leiligheiter med flott utsikt.


