Kampanjesal sesongkort 

#paovoss

Kampanjesal – sesongkort i Voss Resort

Sesongen 2018/2019

Frå 14. september – 14. oktober får du kjøpt sesongkort til ein redusert pris.
Sesongkortet gjeld og på kveldskøyring tirsdagar, torsdagar og fredagar.


Prisar 2018/2019

Vaksne Kr. 4.950,-
Kr. 4.450,-
Born/senior Kr. 3.950,-
Kr. 3.450,-
Familie*
Gjeld 2 føresette og alle born
under 18 år på same adresse
Kr. 14.400,-
Kr. 13.900,-

 

GRATIS sesongkort for alle 4. klassingar i Hordaland

Me ynskjer å motivera born og unge til auka fysisk aktivitet og gjer difor alle 4. klassingar i Hordaland gratis sesongkort. Sesongkortet til 4. klassingar får ein ved å booka online her (velg fanen “4. klassing”). Vennligst merk: nytt keycard (kr. 60) må kjøpast ved bestilling av 4. klasse sesongkort. Ein kan diverre ikkje nytta gamle keycard til dette. 
Siste frist for bestilling av gratis sesongkort til 4. klassingar er 28. januar. Merk at dette kortet ikkje inkluderer 2. dager i Myrkdalen, sjølv om det vert tinga i kampanjeperioden. Bestilte kort hentes ut i billettluka i Bavallen. NB! Pass eller fødselsattest må framvisast ved uthenting av kortet. 

 

Kor får ein kjøpt kort?

Korta kan kjøpast både online eller i billettkontoret i Bavallen frå og med 14. september.

Opningstider billettluka i Bavallen: 
Mandag – fredag: 09:00 – 15:00
Ta med key card (eller kjøp nytt til kr. 60,-).


Kjøp sesongkort online her
 

Heilårskortet som gjeld for Fonna, Myrkdalen og Voss Resort får du kjøpt frå 14. september. 
Begrensa antal kort og førstemann til mølla! Sjå meir informasjon om heilårskortet på Myrkdalen sine nettsider her. 

 

Nyheiter sesongen 2018/2019

  • Utvida kveldskøyringstilbod
    • No meir enn 1 mil med lysløyper! No og på Slettafjellet, inkludert parken.
    • Nye klokkeslett for kveldskøyring; tirsdagar og torsdagar frå 15.30/16.00 – 20.00 og fredagar 15.30/16.00 – 21.00.
  • Storastovo på Slettafjellet vert pussa opp og får ein lun og koseleg atmosfære, både dagtid og kveldstid.
  • Ny gondol! Sommaren 2019 opnar ny gondol. Frå Voss Stasjon til Hangurstoppen. Ny restaurant/kafé på toppen med 450 sitteplasser. (Sesongkort for vintersesongen kan ikkje nyttast for gondolen om sommaren)

Sjå gjerne vår nyheitssending øvst på denne sida.

Sjå alle nyheitene våre her

 

Undermeny

Kjøp heiskort her