Aktivitetar

#paovoss

30/03/2019

Bavallen Grand Prix

Årets happening for mange! Lagkonkurranse i anlegget før opningstid.


Om Bavallen Grand Prix:

Lagkonkurranse (3 pr lag) kor traséen er lagt gjenom heile anlegget og som gjennomføres før opningstid. Ved kritiske punkt er det fartsreduserande element for deltakarane. Det er satt ut «checkpoints» i løypa som må passerast. Dette er ein konkurranse der alle kan delta, så lenge dei er over 15 år. Knallkjekt! Masse flotte premiar. 


Klasser:

  • Herre/mix med fartsdress
  • Herre/mix utan fartsdress
  • Dame med fartsdress
  • Dame utan fartsdress


Program 2018/2019:

07.00 - 07.30: Registrering v/billettkontoret i Bavallen
07.30: Løpermøte i Varmestovo
08.00: Rennstart (Ekspressen)
09.30 – 11.00: Frukostbuffet på Hanguren (NB! Må førehandtingast innan 25. mars)
Frå kl. 15.00: Afterski på Skibarbula
16.30: Premieutdeling på Bavallstunet.
 

Påmelding og prisar:

Det lønner seg å vera tidleg ute med påmelding av to årsaker:

  1. Startlista vert basert på påmeldingslista. Det vil sei at lag nr. 1 som melder seg på får startnummer 1. Lag nr. 2 som melder seg på får startnummer 2, osv. Jo tidlegare påmelding, jo tidlegare startnr. 

  2. Billigare ved bestilling før 1. mars. Pris per pers. ved påmelding og betaling t.o.m. 1. mars: kr. 300,-. Pris per pers. ved påmelding og betaling f.o.m. 2. mars: kr. 400,-.

Ikkje gløym at me opner for forhåndspåmelding til Bavallen Grand Prix 2019 under Fresky Preski afterski 1. desember. Her må minst ein frå laget møte fram fysisk og melde på og betale for laget i sin heilhet (kr. 300,- per person). Ordinær påmelding opner deretter sundag 2. desember; send epost til linn@vossresort.no med lagnamn, namn på alle deltakarar, kva klasse de stiller i og om du/de ynskjer heiskort/frukost for dagen. Minner om at det er binande påmelding! Påmeldingar per epost før 2. desember vert ikkje registrert.

Det er plass til 50 lag – så her er det fyrste mann til mølla. 


Tilbod på frukost og dagskort:

Me inviterer og alle deltakarar til frukostbuffet på Hanguren etter rennet for kr. 100,- per person (må førehandstingast innan 25. mars – hugs at du og må ha skikort), samt tilbyr 25% rabatt på dagskort til alle deltakarar. Dersom du ynskjer frukost og ikkje har førehandstinga, kan det verta mogleg å kjøpe frukost på Hanguren “on spot”, gitt at det er plass og det er nok mat. Pris vert då kr. 150,- per person og må betalast på Hanguren. 


Bavallen Grand Prix 2018. 
Video: Hunnalvatn Media


 

Andre arrangement

  • 01. Desember, 17:00

    Frisky Preski

    Lørdag 1.desember braker det laus med årets fyrste afterski!

    Les meir »
  • 07. Desember - 09. Desember

    Grunnleggjande skredkurs

    Tindeguide inviterer til 2,5 dagers grunnleggjande skredkurs for frikøyring og topptur.

    Les meir »
  • 08. Desember - 20. April, Frå kl. 15

    Afterski i Voss Resort

    Afterski høyrer med etter ein dag i bakken! Me har afterski fredagar (t.o.m 15. mars) og laurdagar frå kl. 15.

    Les meir »
  • 14. Desember - 15. Mars, 16:00 - 20:00/21:00

    Kveldskøyring 3 dagar i veka

    Stå på ski frå morgon til kveld, tirsdag, torsdag og fredag!

    Les meir »
  • 22. Desember - 31. Desember

    Juleprogram 2018

    Det blir mykje moro for store og små i Voss Resort i jul og romjula 2018!

    Les meir »
  • 12. Januar, 10:00 - 15:30

    Skidemo med Endeve

    Skidemo med Endeve på Slettafjellet!

    Les meir »
  • 19. Januar, 11:00

    Session Rail Jam

    Session kjem og har railjam på Slettafjellet!

    Les meir »
  • 25. Januar - 27. Januar

    Grunnleggjande skredkurs

    Tindeguide inviterer til 2,5 dagers grunnleggende skredkurs for frikjøring og topptur.

    Les meir »
  • 08. Februar - 09. Februar

    Dagbladet Wintertour

    Dagbladet fyller 150 år! Dei kjem på besøk til Voss Resort med eit morosamt og innhaldsrikt program for heile familien.

    Les meir »
  • 23. Februar - 03. Mars

    Vinterferieprogram, veke 9

    Me har fullt program med mange kjekke aktiviteter gjennom heile vinterferien i veke 9. Ferien avsluttes med familiehelg med Grebbe og venene!

    Les meir »
  • 01. Mars - 03. Mars

    Vidaregåande skredkurs

    Bli med Tindeguide på vidaregåande skredkurs. Kurset retter fokus på snødekkeanalyse, innmelding i regobs, ferdselsrutinar, enkelthengsvurdering, og det viktigaste: å finna den beste snøen.

    Les meir »
  • 02. Mars - 03. Mars, 09:30 - 16:00

    Familiehelg med Grebbe og venene

    Denne helga vert det mykje moro i Voss Resort for heile familien! Me inviterer til familiehelg med Grebbe og vennene.

    Les meir »
  • 02. Mars - 10. Mars

    Vinterferieprogram veke 10

    Me har mange kjekke aktivitetar for store og små i veke 10. 2. - 3. mars vert det familiehelg med Grebbe og vennene.

    Les meir »
  • 02. Mars, 11:00 - 14:00

    Session Banked Slalom

    Etter suksessen i fjor arrangerer Session "Banked Slalom" på Slettafjellet for andre gong!

    Les meir »
  • 16. Mars, 09:30 - 21:00

    Kjerringdagen

    Bli med på kjerringdag i Voss Resort! Vinn flotte premiar.

    Les meir »
  • 13. April - 22. April

    Påskeprogram

    Påsken 2019 vert det kjekke aktivitetar i Voss Resort kvar dag!

    Les meir »
  • 20. April

    Session Påske Invitational

    God stemning og mykje moro på Horgaletten påskeaften!

    Les meir »