Aktivitetar

#paovoss

16/03/2019, 09:30 - 21:00

Kjerringdagen

Bli med på kjerringdag i Voss Resort! Vinn premiar som sesongkort, skidress frå Kari Traa og flotte ullkle frå We Norwegians!

Laurdag 16.mars er det duka for årets kjerringdag på fjellet! 
Ta med deg mor, syster eller venninner og kos deg på ski og afterski denne dagen.


Program

10.00 – 12.00: Påmelding ved billettkontoret i Bavallen. Gratis å delta, men ein må ha heiskort. 
10.00 – 14.30: Skiquiz på fjellet! 5 ulike postar fordelt rundt på fjellet med ulike oppgåver å løysa på kvar post.
Dette er for alle og ein svarar individuelt, men ein kan sjølvsagt køyra fleire i lag. Lever inn svarlapp på Hanguren innan kl. 14.30!
12.00 – 15.00: Lunsj på Hanguren. Her er det berre å komma når det høver. Suppebuffèt, påsmurt og bobler. God stemning med kvite dukar og Voss si flottaste utsikt. 18 års aldersgrense. 
13.00 – 14.00: Konsert med Bungalow Bill som spiller gladlåter på Hangursrestauranten
15.00: Premieutdeling på Hangursrestauranten
Frå kl. 15.00: Afterski i SkiBarBula, med DJ
17.00 – 19.00: Konsert med Bungalow Bill i SkiBarBula
19.00 – 20.30: DJ i SkiBarBula


Premiar

  1. premie: Sesongkort i Voss Resort for 2019/2020
  2. premie: Skidress frå Kari Traa
  3. premie: Flotte ullkle frå We Norwegians

Det vert og trekkpremiar med flotte gevinster! 

Alle damer kan svara på quizen, men ein må vera min. 18 år for å delta på premieutdeling og få premie.

Andre arrangement

  • 23. Mars, 11:00 - 14:00

    Session Banked Slalom

    Etter suksessen i fjor arrangerer Session "Banked Slalom" på Slettafjellet for andre gong!

    Les meir »
  • 30. Mars

    Bavallen Grand Prix - fullteikna

    Årets happening for mange! Lagkonkurranse i anlegget før opningstid. Arrangementet er no fullteikna.

    Les meir »
  • 08. Desember - 20. April, Frå kl. 15

    Afterski i Voss Resort

    Afterski høyrer med etter ein dag i bakken! Me har afterski fredagar (t.o.m 15. mars) og laurdagar frå kl. 15.

    Les meir »
  • 15. Desember - 22. April

    Guida trugetur

    Bli med Wild Voss på guida trugetur i Vossafjella! Lunsjen inntar du rundt bålet, ute i det fri.

    Les meir »
  • 05. Februar - 09. April, Tysdagar

    Moro på ski- alpin skileik

    Voss Alpin inviterer alle skiglade born frå 6- 11 år til alpin skileik kvar tysdag i Vetlebakken ved Bavallstunet frå kl 17.45- 19.30.

    Les meir »
  • 08. Februar - 11. April, Fredag

    Lågterskelrenn med Voss Freestyleklubb

    Har du skiglade ungar opp til 12 år? Bli med på kjekke lågterskelrenn i Vetlebakken i Bavallen.

    Les meir »
  • 06. April, 09:30 - 23:00

    Bavallen Boogie

    Me gjentar suksessen frå i fjor! Bli med på skidagen som ender med ein heidundrande garasjefest i storgarasjen på Tråstølen. I år vert det konsert “The Waterproof”, i tillegg til DJ.

    Les meir »
  • 13. April - 22. April

    Påskeprogram

    Påsken 2019 vert det kjekke aktivitetar i Voss Resort kvar dag!

    Les meir »
  • 20. April

    Session Påske Invitational

    God stemning og mykje moro på Horgaletten påskeaften!

    Les meir »