Aktivitetar

#paovoss

06/04/2019, 09:30 - 23:00

Bavallen Boogie

Me gjentar suksessen frå i fjor! Bli med på skidagen som ender med ein heidundrande garasjefest i storgarasjen på Tråstølen. I år vert det konsert “The Waterproof”, i tillegg til DJ.


Om "The Waterproof":

I år spelar Waterproof som består av Susanne Klerud (vokal/DJ), Jørn Trollebø Kvalheim (gitar og vokal), Søren Hunskaar (bass og vokal) og Estéban Munoz (trommer og vokal).

Jørn kom på andreplass i Idol på TV2 i 2014 og fekk ein stor tilhengerskare for si innleving og imponerande stemmeprakt. Ilag med vokalisten og fyrverkeriet Susanne skaper han minneverdige augneblink fra scenen. Waterproof er rett og slett god underhaldning!


Program: 

09.30- Skianlegget åpner
12.00 - 18.00: DJ spelar på Storastovo
18.00: Dørene åpner på Tråstølen.
18.30: DJ spelar på Tråstølen
19.30- 21.00: Waterproof spelar 
21.00- 22.45: DJ spelar
23.00: Buss frå Tråstølen til Vangen


Billettar og prisar

Billettavgifta på kr. 250,- inkluderer adgang til storgarasjen, konsert og transport. Kjøper du konsertbillett får du rabatt på dagskort denne dagen (kr. 480,- for konsert og dagskort). Dersom det er fleire konsertbillettar igjen kan desse kjøpast i døra til kr. 300,-.

Garasjefest billettar(armband) og dagskort må hentast i billettluka i Bavallen fredag 5.april eller lørdag 6.april.
Siste frist for å kjøpe online billettar er fredag 5.april kl 23.59. Påmeldinga er bindande.

Første mann til mølla! NB: 20 års aldersgrense.

Kjøp billett her
 

Andre arrangement

  • 23. Mars, 11:00 - 14:00

    Session Banked Slalom

    Etter suksessen i fjor arrangerer Session "Banked Slalom" på Slettafjellet for andre gong!

    Les meir »
  • 30. Mars

    Bavallen Grand Prix - fullteikna

    Årets happening for mange! Lagkonkurranse i anlegget før opningstid. Arrangementet er no fullteikna.

    Les meir »
  • 08. Desember - 20. April, Frå kl. 15

    Afterski i Voss Resort

    Afterski høyrer med etter ein dag i bakken! Me har afterski fredagar (t.o.m 15. mars) og laurdagar frå kl. 15.

    Les meir »
  • 15. Desember - 22. April

    Guida trugetur

    Bli med Wild Voss på guida trugetur i Vossafjella! Lunsjen inntar du rundt bålet, ute i det fri.

    Les meir »
  • 05. Februar - 09. April, Tysdagar

    Moro på ski- alpin skileik

    Voss Alpin inviterer alle skiglade born frå 6- 11 år til alpin skileik kvar tysdag i Vetlebakken ved Bavallstunet frå kl 17.45- 19.30.

    Les meir »
  • 08. Februar - 11. April, Fredag

    Lågterskelrenn med Voss Freestyleklubb

    Har du skiglade ungar opp til 12 år? Bli med på kjekke lågterskelrenn i Vetlebakken i Bavallen.

    Les meir »
  • 13. April - 22. April

    Påskeprogram

    Påsken 2019 vert det kjekke aktivitetar i Voss Resort kvar dag!

    Les meir »
  • 20. April

    Session Påske Invitational

    God stemning og mykje moro på Horgaletten påskeaften!

    Les meir »