Aktivitetar

#paovoss

15/12/2018 > 22/04/2019

Guida trugetur

Bli med Wild Voss på guida trugetur i Vossafjella! Lunsjen inntar du rundt bålet, ute i det fri.

På denne dagsturen får du verkeleg oppleva det flotte med vinteren! 
Guiden vil læra deg nokre grunnleggende ferdigheter for ein trygg tur om vinteren, introdusera deg for lokal kultur og sørga for at du har ein komfortabel tur.

Til lunsj byggjer de bål og får noko varmt å drikka og noko lokalprodusert å bita i. Tida rundt bålet gjev tid for ro og ettertanke.

Nivået på turen vert tilrettelagt, slik at de får ein tur som passer dykk. Turen kan gjerast familievenleg. Nedre aldersgrense: 8 år. 

Pris: kr. 1290,- (vaksen) / kr. 790,- (barn, 8 – 14 år). 
Prisen inkluderer det meste du treng av utstyr for å gjennomføra turen, med unntak av transport.
Grupper større enn 5 personar får 20% grupperabatt. 

Sjå meir informasjon og bestill her

Andre arrangement