Aktivitetar

#paovoss

08/02/2019 > 11/04/2019, Fredag

Lågterskelrenn med Voss Freestyleklubb

Har du skiglade ungar opp til 12 år? Bli med på kjekke lågterskelrenn i Vetlebakken i Bavallen.

Arrangementa er gratis og ope for alle å vera med på. De treng ikkje heiskort for å delta, men ungane må kunne stå på ski og ta heisen sjølv.

Registrering og trening frå kl 17.30. Rennstart kl 18.00

Fredag 8.februar: Jibbing/Slopestyle
Fredag 1.mars: Kulekøyring
Fredag 22.mars: Bigair/ Slopestyle
Torsdag 11.april: Avslutning på Slettafjellet

Etter renna vert det kaker og kakao i Bavallstunet. Velkomen!

 

Andre arrangement