Aktivitetar

#paovoss

05/02/2019 > 09/04/2019, Tysdagar

Moro på ski- alpin skileik

Voss Alpin inviterer alle skiglade born frå 6- 11 år til alpin skileik kvar tysdag i Vetlebakken ved Bavallstunet frå kl 17.45- 19.30.

Me skal læra skikunsten ved å leika i hopp, køyra portar og skicrossløype.
Tilbodet er gratis og ope for alle som vil vera med. De treng ikkje heiskort. Skiutstyr kan også lånast. Ein treng ikkje ha skierfaring frå før.

Alpin skileik tek pause i veke 10 tysdag 5.mars, då Voss har vinterferie.

Lett tilkomst til skibakken med parkering like ved Bavallstunet i Bavallen.
Spørsmål? Kontakt Dag Sandvik; dag.sandvik@gmail.com, eller telefon: 911 11 356.

Andre arrangement