Mona H. Hellesnes, dagleg leiar i Destinasjon Voss Mona H. Hellesnes, dagleg leiar i Destinasjon Voss

Kva den nye gondolen vil bety for Voss og regionen - Destinasjon Voss

- Den nye banen vil få betydning for heile Voss og reiselivet på Vestlandet, seier dagleg leiar i Destinasjon Voss, Mona H. Hellesnes.

Den entusiastiske reiselivsleiaren trur at gondolen vil føre til nok ei ny tidsrekning for Voss.

- Banen blir ein attraksjon i seg sjølv, og gir utviklingsmogelegheiter for heile Voss. Den opnar for at mange fleire kan oppleve fjellet. Det blir tilgjengeleg og enkelt for alle. Eg gler meg veldig!


Styrkar Voss som heilårsdestinasjon

I dag er sommarsesongen den største turistsesongen på Voss, etterfølgd av vinteren. Hellesnes trur den nye banen vil styrke sommarsesongen ytterligare, og at vinteren kan vare lengre med fine vårskiturar i høgda. Håpet er også at den nye banen vil kunne lokka besøkande til bygda om våren og hausten, og gjere Voss til ein attraktiv stad å besøke heile året.

- Eg er veldig glad for eit nytt tilbod som kan brukast heile året. Det bidrar til å styrka Voss som ein heilårsdestinasjon, og gjer oss mindre vêravhengige. Det blir spektakulært på toppen uansett når på året ein er der. Regn eller snøvêr i september blir også ei oppleving, seier Hellesnes.


Frå Køben til fjellet i skisko

Hellesnes er veldig glad for det nye trafikk-knutepunktet med tog, buss og bane, som gjer det enkelt å tenke miljøvennlege transportløysingar når ein skal til fjells.

I reiseliv blir det viktigare og viktigare å tenke bærekraft, og denne kombinasjonsløysinga gjer det enkelt å velge kollektivtransport framfor privatbilar. Totaliteten av dette prosjektet er heilt tidsriktig.

Mona H. Hellesnes

Det gode kollektivtilbodet gjer også at reisande frå både inn- og utland kjem seg lett til Hangurstoppen.

- Du kan i teorien ta på skiskoa i København og ta kollektivtransport til du står på toppen av fjellet. Det er heilt fantastisk, seier ho.


Panorama-restaurant og konferansehotell

Med den nye banen blir det også bygd ein ny restaurant på Hangurstoppen, 820 meter over havet. Restauranten blir den største restauranten på Voss, med ein kapasitet på 450 personar, og får fantastisk utsikt utover det flotte fjellandskapet. 

- Restauranten blir eit heilt unikt serveringstilbud. Det blir eit nytt opplevingsprodukt, i tillegg til å hjelpe på kapasiteten på Voss.

I trafikk-knutepunktet ved nedre stasjon blir det også bygd eit stort konferansehotell med 216 rom, som vil doble hotellkapasiteten på Voss.

- Hotellet er toppen av kransekaka og kapasitetutvidinga er siste brikka i puslespelet. Her blir det konferansefasiliteter i heile si bredde. Kombinert med beliggenheita vegg i vegg med ny gondol og kollektivknutepunkt, får me eit heilskapleg overnattingstilbod som gjer Voss komplett. Då har me heile bredda her, noko som gir uante mogelegheiter framover.

Ho er sikker på at Voss vil få ei veldig sterk utvikling i åra som kjem. Både når det gjeld kurs og konferanse, og nye fritidsopplevingar for ulike grupper.

- Voss blir knutepunktet for opplevingar, og det er veldig kjekt å jobbe med. 


Alle jobbar for Voss

Hellesnes meiner at satsinga i Myrkdalen har påverka heile Voss, og gjort at mange har satsa andre stadar i kommunen.

- På Voss er det veldig mange flinke folk som vil og tør, og det er det som inspirerer meg mest. Her er sterke meiningar, men alle vil jobbe for Voss. Det er ei fantastisk innstilling, og gjer at me får til enormt mykje, avsluttar Hellesnes.

Andre nyheter

  • Gondolen blir viktig for heile regionen - Fylkesordføraren

    Å skapa spennande produkt for helårsturismen er kjempeviktig, og det er den nye gondolen eit godt eksempel på, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

    Les meir her

  • Nyheitssending frå Voss Resort 2018

    Sjå vår nyheitssending med nyheitene for 18/19-sesongen, samt siste status på gondolprosjektet.
    Berre Voss e Voss!

    Les meir her

  • Nye lysløyper og utvida kveldskøyringstilbod

    Etter stor suksess med kveldskøyring i fjor, utvider me tilbodet for 18/19-sesongen!
    No har me over 10 km med lysløyper!

    Les meir her