Nyheitsanker, Brede Abbedissen Nyheitsanker, Brede Abbedissen

Sesongopning i Voss Resort 2018/2019

Voss Resort opnar deler av skianlegget laurdag 8. desember! Sjå vår nyheitssending.

Sjølv om natursnøen på Vestlandet har latt venta på seg, har me fått produsert nok kunstnø til å opna:

  • Familieløypa
  • Grebbesbakken
  • Vetlebakken. 


Opningstider:

Me held ope frå kl. 09:30 – 15:30, laurdag 8. og sundag 9. desember. Anlegget vert deretter stengt ned for å produsera meir snø og opnar igjen for fullt og kvar dag frå fredag 14. desember kl. 09:30. 14. desember vert og fyrste kveldskøyring for sesongen. 


Rabatt på heiskort: 

Laurdag 8. og sundag 9. desember får du 30% rabatt på dagskort!


Barneskirenn i Grebbesbakken:​

Kl. 13.00. Påmelding i bakken frå kl. 12.30. Gratis å delta og alle får premie!


Afterski: 

Frå kl. 15.00 i SkiBarBula på Bavallstunet, med DJ! 20 års aldersgrense.


Gratis skibuss: 

Frå Voss Stasjon Frå Bavallen
Kl. 09:10 Kl. 14:00
Kl. 10:00 Kl. 15:00
Kl. 11:20 Kl. 16.00

NB! Vennligst merk at busshaldeplassen på Voss Stasjon er flytta til Fengelstomta (bak Voss Sparebank) grunna ombyggjing. 
Bussen køyrer Ringheimsvegen og Bavallsvegen t/r. Stoppestadane er Torget - Lundhaugen - Rogne - Bavallen.


Me ynskjer hjarteleg velkomen til sesongstart i Voss Resort! 

Andre nyheter

  • Animasjon av kabin til den nye gondolen

    Lurer du på korleis dei nye kabinene vert sjåande ut? Ta ein kikk på animasjonen her! 

    Les meir her

  • Ope kvar dag frå 14. desember

    Frå 14. desember er Voss Resort ope kvar dag! 20% rabatt på dagskort frå 14. – 16. desember.

    Les meir her

  • Gondolen blir viktig for heile regionen - Fylkesordføraren

    Å skapa spennande produkt for helårsturismen er kjempeviktig, og det er den nye gondolen eit godt eksempel på, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

    Les meir her