Vår historie

Voss Resort

Voss Resort si historie

Historien med milepæler...

Byrjinga...

Urmeister Midthun passerte Lillehammer i 1946. Der blei han gjort merksam på eit skitrekk nazistane hadde lagt igjen etter at dei måtte forlate landet våren 1945. Midthun kjøpe skitrekket og saman med ein del andre vossingar blir skitrekket sett opp i Bavallen til skisesongen 1947-48. Skitrekket var det tredje i landet og starten på ein epoke med vekst og utvikling som varte heilt ut på 1980-talet.

Behovet for overnatting i og rundt skisenteret vaks utover på 1950 talet. Knut Vethe og kona Ragna etablerte seg i Bavallen i 1954. Eddemannshuset, som stod på tinghusplassen, blei kjøpt av far til Knut, Leif Vethe,  flytta og døypt om til Bavallsstova. Huset var ei laftestove og ein kan i dag sjå merker i lafteveggen etter splintrar frå bombinga av Vangen i 1940. Ragna og Knut dreiv Bavallstova fram til 1996, då Marta Katrine Vethe, dotter av Rogna og Knut, Øyvind Wæhle og Sigbjørn Slåtten etablerte Hotell-og Serveringsparnter AS og kjøpte staden.

Bavallsstova blei kjøpt i 1996 av Marta Katrine Vethe, Øyvind Wæhle og Sigbjørn Slåtten av eigarane Ragna og Knut Vethe. Sistnemnde hadde eigd og drive Bavallsstova sidan 1954, då i samarbeid med Leif Vethe (far til Knut) sidan 1954. I desse åra vart Bavallsstova bygd ut i alt 3 gonger, der siste ombygging var i 1980.


Frå Bavallsstova til Bavallstunet

Bavallsstova endra namn til Bavallstunet I 1996. Etter ei lettare oppussing av dei 12 romma og fellesareala inntok dei første gjestene afterskien 2. Juledag 1996. Afterskien vart raskt populær og er framleis ein attraktiv møtestad etter endt skidag. I tida fram mot 2000 var det hovudsakleg bedriftskunder som kom på seminar og deltok i ulike lagbyggingsaktivitetar.

Ideen om Bavallstunet hyttesenter kom i 1998. Dei nye eigarane måtte erkjenna at 12 doble rom var for lite for å skapa ei berekraftig bedrift.  Saman med Norlandia Eigedom AS, eigarane av Voss Fjellheisar AS, og NCC blei  Voss Prosjektutvikling AS etablert med føremål om å utvikle fritidsbustader i Bavallen. Dei fyrste hyttene stod klare til innflytting i 2001.

Dei nye hyttene blei marknadsført med at eigar kunne leige ut eigendommen i periodar dei ikkje nytta den sjølve. Salsstrategien blei ein suksess og det kom til nye hytter for utleige neste kvar månad i åra fram til 2006. Etter kvart som nye hytter kom til vart utleige av hytter ein sentral del av drifta av Bavallstunet.


Til den største aktøren av utleigehytter på Vestlandet

I 2007 blei den siste av totalt 136 fritidseiningar overlevert. Prosjektet førte mange nye gjester til Bavallstunet. Omsetninga gjekk opp frå under 2 millionar kroner per år i 1997 til vel 10 millionar i 2008. Bavallstunet med sine 70-80 hytter vart den største aktøren av utleigehytter på Vestlandet og ein viktig samarbeidspartner for destinasjon Voss.

Gjestene fordelte seg over heile året, men med ein god vinter- og ein stor sommarsesong. Innteninga er om lag like god for begge sesongane, men volumet var større om sommaren og prisen per døgn høgare om vinteren.


Populær afterski

Afterski tilbodet blei godt motteke og blei meir og meir populært for kvart år som gjekk fram til 2015, då det har flate ut på eit høgt nivå. Samarbeidet med Bula – SkiBarBula- starta i 2005,  noko som styrka afterskien. Eit år blei SkiBarBula kåra til Noregs 3. beste afterski.


Fjellheisane

Voss Fjellheisar AS var eigd av ei gruppe næringsdrivande på Voss, blant anna hotella, i 15 år frå 1981til 1996, då selskapet vart kjøpt av Norlandia Eiendom. Dei nye eigarane investerte i snøproduksjonsutstyr og omsetninga gjekk opp frå 7 millionar kroner til 17 millionar i løpet av ein sesong. I 2006 kom Bavallsekspressen, ein moderne 4 seters ekspressheis, som avlasta 2 seterheisen frå 1972.

I 2017 blei det bygd høgdebasseng på 70 000 kubikk meter vatn og utvikla snøproduksjonsanlegg som snølegg store deler av skianlegget på 3 døgn. Same året blei kveldsproduktet utvikla til å omfatte 8 km løyper. I 2018 vil det bli utvida med 1000 meter til.


Fusjon

I 2007 fusjonerte selskapa Hotell og Serveringspartner AS, Voss Prosjektutvikling AS og Voss Fjellheisar AS inn i Voss Resort AS. Voss Resort blei innført som namn for alle aktivitetar i selskapet. Motivasjonen bak fusjonen var planar om å utvikle 600 nye hytter i området frå Bavallen til Tråstølen og å samle alt ansvar i eit selskap.


Voss Resort i dag

I 2018 er det utvikla og selt 100 tomter og ca 290 leilegheiter i Tråstølsområdet. Utbygginga går for fullt med leveranse av 25-35 leiligheter årleg. Selskapet har i dag ein stab på rundt 15 fulltidstilsette og meir enn 100 tilsette i vintersesongen. Omsetninga har lagt på rundt 150 millionar kroner dei siste åra og er forventa å auka i åra som kjem.

Selskapet er majoritetseigar i den nye Hangursbanen som skal opnast i juni 2019. Det er knytta store forventingar til den positive effekten den nye banen vil få for voss og for Voss Resort. På Hangurstoppen blir det bygd ny restaurant med 450 sitteplassar. Den nye Hangursbanen med restaurant vil sysselsette ca 20 årsverk.

Selskapet har vore ein sentral medspelar i utviklinga av det nye Kollektivknutepunktet på Voss. Herunder vore engasjert i å finne investorar og drivarar av det nye Scandic hotellet som er planlagde opna i januar 2020. Hotellet er på 215 doble rom.

Sommaren 2018 vil det blir lansert nye spanande prosjekt i og rundt skisenteret.

Før opning av den nye Hangursbanen i 2019 vil det bli utviklar nye områder for turgåing, sykling og nye nedfarter på vinteren, spesielt for familiar. Det er planlagd bygd fleire nye heisar før vinteren 2020.

Kontakt oss

tlf: +47 4700 4700
post@vossresort.no

Voss Resort Bavallstunet
Bavallstunet 26
5700 Voss 

Undermeny