Voss – eit mangfald av aktivitetar

Frå Voss Resort er det korte avstandar til dei fleste aktivitetstilbod, i tillegg til vakre Hardangerfjorden og Sognefjorden. Voss Resort passer difor ypperleg som base, dersom du er ute etter å utforska fjord og fjell og vera med på aktivitetar.

Aktivitetar

Voss er kjend for ekstremsportaktivitetar, men ein treng ikkje å vera ekstremsportar for å prøve aktivietane! Her er høve for å tilpasse til eit kvart nivå og eit finn eit stort mangfald av tilbod. På Voss finn du mellom anna:

Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer å bu hjå oss og booke aktivitetar – me hjelp deg gjerne.

 

Fjordar

Både Hardangerfjorden og Sognefjorden ligg mindre enn ein times kjøretur frå Voss Resort.
Bur du hjå oss er det difor fullt mogleg å besøka og utforska fjordane som dagstur. Ynskjer du rundturar i desse områda kan ein til døme vera med på anten “Norge i eit nøtteskall” (for Sognefjorden) eller “Hardanger i eit nøtteskall” (for Hardangerfjorden) – begge turane tek utgangspunkt frå Voss. 

Sjå meir informasjon om desse turane her.

Undermeny
BuGjereHeiskort

Vennligst merk:
Online booking av overnatting må skje minimum 24 timar før ankomst. Ved søk på dagens dato, vil du få beskjed om at det ikkje er ledige rom på valde dato(ar). Ta kontakt med oss direkte for å sjekke om det er ledig kapasitet på dagens dato (post@vossresort.no / 4700 4700)