Paragliding i Voss Resort

På Voss finn du alt ein paraglidar kan ynskja seg!

Voss er ein av dei mest kjende og mest brukte flystadane på Vestlandet og i Noreg.
Ikkje utan grunn, for her finn du alt ein paraglidarpilot kan ynskja seg.

Mellom anna har du:

  • Ekspressheis som tek deg til topps (817 moh)
  • Sørvendt start med god termikk
  • Ca. 600 m. høgdeskilnad
  • Hovudlanding i sentrum ved Vangsvatnet
  • Distansemoglegheiter i mange retningar

 

Viktig melding vedr. stengte stier: 
I vår, sommar og haust vil det bli utført mykje anleggsarbeid inklusiv sprenging i området frå parkeringsplass oppe ved Tråstølsheisen til Bavallstoppen ifm bygging av infrastruktur til framtidige nye prosjekter. Ver merksam på at dette er eit anleggsområde og at vegen frå parkeringsplass ved Tråstølsheisen og opp mot Bavallstoppen dessverre ikkje kan brukast til turgåing./sykling. Merka T-sti gjennom hyttefeltet opp mot Horgaletten og Lønahorgi vert ikkje berørt av anleggsarbeidet.

I tillegg vil det frå 7. mai 2018 og ei god tid framover pågå anleggsarbeid med graving og sprenging i området Mølster – Hanguren. Dette i forbindelse med bygging av ny gondolbane. Vennligst merk at all ferdsel innafor avsperra område er forbudt grunna fare. Området vert avgrensa med adgang forbudt skilt. Vennligst etterfølg dette.


Sørvendt start på Hanguren

Starten ligg 200 m til høgre frå Hangursrestauranten; ein fin grasbakke som er nokså slakk og går over i ein markert trekant. Den sørvendte starten set opp fin termikk i fjellsida under start. Du finn gjerne bobla på venstre hjørna av start tidleg på dagen, like til venstre for vindpølsa, eller over heismasta framom Hangursrestauranten litt seinare på dagen. NB! Hugs å halda god klaring til kablar.

Ut på ettermiddagen kjem solgangsbrisen, og det vert sidevind på start. Dette gjer flyginga både meir vanskeleg og risikabel, og det kan verta problem med landinga. Følg derfor alltid med på Vangsvatnet og sjå etter når vinden kjem. Fly ned i tide!

For meir utfyllande informasjon, sjå Voss Hang- og Paraglider klubb sine nettsider.

Undermeny
BuGjereHeiskort

Vennligst merk:
Online booking av overnatting må skje minimum 24 timar før ankomst. Ved søk på dagens dato, vil du få beskjed om at det ikkje er ledige rom på valde dato(ar). Ta kontakt med oss direkte for å sjekke om det er ledig kapasitet på dagens dato (post@vossresort.no / 4700 4700)