Overnatting i Voss Resort

Bu i hjarta av Fjord Norge – berre 5 km frå Voss sentrum og 99 km frå Bergen.

Den perfekte base!

Voss Resort er eit perfekt utgangspunkt for eit mangfald av aktivitetar. Her har heile familien fjellet og naturen som spanande leikeområde rett utanfor døra! Her får du utsikt over deler av Vossavassdraga og Vossafjella, og det er korte avstandar til det meste av kultur, natur og aktivitetar.
Det er knappe 1,5 t køyring frå Bergen, omlag ti minutt frå Voss sentrum og fem minutt til daglegvarehandelen i Skulestadmo.
Mange som bur hjå oss tar og dagsturar til Hardangerfjorden og Sognefjorden, som ligg berre 45 minutt unna med bil. 


Om hyttefelta

Me legg vekt på at området skal vera roleg og familievenleg. Ansvarleg leigetakar av våre hytter/leilegheiter må vera 23 år eller meir.

Hyttefeltet består av sjølvhushald hytteeiningar med to separate leilegheiter, vertikal- eller horisontaldelte. Dei ligg på mellom 50 - 120 m² i storleik.
Voss Resort disponerer omlag 70 einingar for utleige året rundt, samt seks moderne innreia leilegheiter i andre etasje i servicebygget.

Både hyttene og leiligheitene er godt utstyrt med tanke på sjølvhushald. 


Resepsjon og servicebygning

Servicebygningen vår “Bavallstunet” har matsal, salong, stort resepsjonsområde, toalett, og bar med alle rettar. Her er det mulig å arrangerer selskap av alle slag. I tillegg er det moderne lokale for møte og seminar i tredje etasje.


Kontakt og booking

Tlf: +47 4700 4700
E-post: post@vossresort.no
Bestillingsvilkår

Book online her

Vennligst merk:
Online booking av overnatting må skje minimum 24 timar før ankomst. Ved søk på dagens dato, vil du få beskjed om at det ikkje er ledige rom på valde dato(ar). Ta kontakt med oss direkte for å sjekke om det er ledig kapasitet på dagens dato.

Undermeny