Hytter i Voss Resort

Bu i moderne sjølvhushaldhytter med fjellet og naturen rett utanfor døra!

Hyttene i Voss Resort er av høg kvalitet og er godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald. Dei fleste hyttene har vedomn, kabel-TV, badstove, flislagde bad, vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskåp med frys, komfyr, dyner og puter. 

Storleiken varierer frå små, koselege hytter med to soverom til større hytter med hems og plass til inntil 8 personar. Kvar hytte er sett saman av to einingar og er anten vertikal- eller horisontaldelt.


Hytteområder

Hyttene i Voss Resort er delt inn i ulike hytteområder og du får hytter i ulike størrelser i alle områda.
Vennligst merk at alle hyttene er individuelt innreia og møblert.
 

Bavallstunet:

Bavallstunet er det første hytteområdet som vart utbygd i Voss Resort. 
Dette hyttefeltet ligg like ved servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski) og ca. 100-500m frå skiheisen. 

Her bur du i sjarmerande hytter med flott utsikt!


Tråstølen:

Tråstølen er det nyaste hyttefeltet i Voss Resort. Hyttefeltet ligg ca. 2-3 km frå servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski), oppover i anlegget.

Her bur du i moderne hytter, med fjellet like utanfor døra og ski-in/ski-out fasiliteter. 


Bavallslia:

Koselig hyttefelt som ligg ca. 500m frå servicesenteret Bavallstunet (resepsjon og afterski). 

Dette hyttefeltet er det som ligg nærmast billettkontoret og stolheisen i Bavallen.  

 


Kontakt og booking

Tlf: +47 4700 4700
E-post: post@vossresort.no
Bestillingsvilkår

Book hytter her

Vennligst merk:
Online booking av overnatting må skje minimum 24 timar før ankomst. Ved søk på dagens dato, vil du få beskjed om at det ikkje er ledige rom på valde dato(ar). Ta kontakt med oss direkte for å sjekke om det er ledig kapasitet på dagens dato.

 

Undermeny