Ta ekspressheisen til fjells!

Utforsk fjellet ved å ta stolheisen til topps og få umiddelbar tilgang på ei mengde turstiar i vakre omgivnadar.

Under Ekstremsportveko (22. – 30. juni) kan du ta Ekspressheisen i Bavallen for å koma deg til fjells. Heisen tek deg frå 285 moh (bunn) til 817 moh (topp). Frå toppen av heisen har du tilgang til ei rekkje flotte stiar og turmål. 

Heisen er og ope for deg som ynskjer å ta med sykkel eller paraglidar.

Viktig melding vedr. stengte stier: 
I vår, sommar og haust vil det bli utført mykje anleggsarbeid inklusiv sprenging i området frå parkeringsplass oppe ved Tråstølsheisen til Bavallstoppen ifm bygging av infrastruktur til framtidige nye prosjekter. Ver merksam på at dette er eit anleggsområde og at vegen frå parkeringsplass ved Tråstølsheisen og opp mot Bavallstoppen dessverre ikkje kan brukast til turgåing./sykling. Merka T-sti gjennom hyttefeltet opp mot Horgaletten og Lønahorgi vert ikkje berørt av anleggsarbeidet.

I området Mølster – Hangur vert stier stengt i periodar, grunna kabeltrekking til den nye gondolbanen. Dette gjeld stien frå Mølster til Skjor/Hangurslia, samt Mølster – Orrefloten. Stiane vert fysisk stengt med gjerde og skilt. Stenginga vil vera periodevis, og det vert fri ferdsel dei fleste helger framover. 

 

Opningstider 2018

Dagar Klokkeslett
Fredag, 22. juni 19:00 – 21:00
Laurdag, 23. juni 09:00 – 15:30
Sundag, 24. juni 08:00 – 15:30
Mandag – lørdag, 25. - 30. juni 10:00 – 17:00

 

Prisar 2018

 prisar
Enkelttur publikum søndag (utan sykkel) 50,-
Enkelttur (m/u sykkel) 100,-
Klippekort, 10 turar 600,-
Fre, lør, søn (Skandinavisk Cup) 550,-
1 dag 280,-
2 dagar 450,-
Vekopass, 5 dagar valfri 850,-
Vekopass, 9 dagar 1050,-

Lønahorgi (1410 moh) er eit flott turmål med spektakulær utsikt frå toppen. På fine dagar kan ein sjå heile 4 isbrear frå toppen; Fresvikbreen, Hardangerjøkulen, Vossaskavlen og Folgefonna.

 

Frå Bavallstoppen har ein tilgang til fleire område som kan nyttast med sykkel. 
Under Ekstremsportveko vert det laga til ei eige utforløype frå ekspresstoppen og ned til Bavallen.  

 

Undermeny
BuGjereHeiskort

Vennligst merk:
Online booking av overnatting må skje minimum 24 timar før ankomst. Ved søk på dagens dato, vil du få beskjed om at det ikkje er ledige rom på valde dato(ar). Ta kontakt med oss direkte for å sjekke om det er ledig kapasitet på dagens dato (post@vossresort.no / 4700 4700)