Pakker og tilbod

#paovoss

Bedriftstilbod

Ta med bedriften til ei kjekk oppleving på Voss! Bli med på aktivitetar med Vossamoro og bu i sjølvhushald hytter i Voss Resort.

I samarbeid med Vossamoro gjev me no knalltilbod på aktivitet og overnatting for grupper og firma med min. 10 personar.
Tilbodet passer for bedrifter og grupper som skal ha teambuilding, kick-off eller berre ein utflukt. Kort frå Bergen – langt frå kverdagen!

 

Pris frå kr. 875,- per person. 
Prisen inkluderer valfri aktivitet og overnatting i dobbeltrom i sjølvhushaldhytter (inkl. utvask).

Overnatting i enkeltrom tilbys mot eit tillegg i pris (kr. 525,-). Prisen gjeld for grupper på min. 10 personar. Tilbodet gjeld ut 2018.
 

Tilleggsprodukt:​

I tillegg til overnatting og aktivitet, kan me og tilby måltid (frukost, lunsj og middag), samt møterom. 
Me hjelper dykk gjerne med å tilretteleggja, slik at de får den pakka som passer best for dykkar bedrift.
Ynskjer de å bu fleire netter, kan dette ordnast til eit lite tillegg i prisen. 


Aktivitet med Vossamoro:

Vossamoro tilbyr morosame aktivitetar i flott natur med ekta kultur, fart og spenning. Dei har meir enn 12 års erfaring med planlegging og tilrettelegging av både sommar- og vinteraktivitetar.Aktivitetane varer i ca. 2 timar og vert avslutta med oppsummering av resultat og premieutdeling. For dette bedriftstilbodet kan ein velja mellom ein av følgjande aktivitetar: 
  • Meistermøte:
    Lagkonkurranse der ein konkurrerer mot kvarandre i 7 spenande øvingar; til døme øksekasting, langski, stafett med “opp-ned” briller og vardebygging. Passer for alle.

  • Boblefotball:
    Ein morosam og ufarleg måte å spille fotball på! Lagkonkurranse der ein får tildelt ei “boble” som ein trer på seg for deretter å spela fotballkamp.

  • Lagbygging:
    Stikkord er samarbeid, strategi, kommunikasjon og praktisk engasjement. Her skal kvart lag løysa 5 ulike praktiske/teoretiske oppgåver.

Overnatting i Voss Resort: ​

Bu i sjarmerande og moderne sjølvhushald hytter, med naturen like utanfor fjellet! Berre 5km frå Voss sentrum.
Hyttene er godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald. Her tek du med deg det du måtte ynskje av mat og drikke og kan koma og gå som du vil. 

Antal sengeplasser og storleik på hyttene varierer, frå 4-11 sengeplassar og 55-95kvm. Me hjelp dykk med å finna ei hytte som passer dykkar behov!


Kontakt oss:​

Ta kontakt med oss på post@vossresort.no / +47 4700 4700.

Andre kampanjar

  • Julebord i Voss Resort

    Ta med deg gode vener eller kollegaer til eit triveleg selskap og koselig førjulstid hjå oss. Voss Resort Bavallstunet har sjarmerende lokaler og bar med alle rettigheter.

    Frå 355,- kr pr person

    Les meir og book no »
  • Hausttilbud på overnatting

    Nyt haustfjellet! Ut november får du 35% rabatt på overnatting hjå oss.

    Frå kr. 689,- per enhet

    Les meir og book no »
  • Fly and Stay

    Fly som supermann i Noregs største vindtunnel hjå Voss Vind og slapp av og finn roen hjå Voss Resort!

    Les meir og book no »