Pakker og tilbod

#paovoss

Tilbud til ungdomsskular i Hordaland

Frå veke 1-5 i 2019 får ungdomsskular skidag (inkl. skiinstruksjon, leige og heiskort) til kr. 150,- per elev. Første mann til mølla!

Det er få ting som gler eit barnesinn meir enn snø å leika seg i, gjerne med ski på beina.

Voss Resort ynskjer å motivera barn og unge til fysisk aktivitet. Før var det ein naturleg ting å ha ski heime og læra seg basis ferdigheiter gjennom leik og moro. I dag er det mange som ikkje har ski og dermed verken kan vidareføra arva etter Sondre Norheim eller tileigna seg ferdigheitene til Kari Traa.

 

For kun kr 150,- elev får de:

  • Heiskort 1 dag.
  • Leige av ski, sko, stavar hjelm for dei som ikkje har eget utstyr.
  • 2 timar ski-instruksjon for nybyrjarar
  • 1 lærar gratis pr 10 elev.
  • Tilbodet gjeld frå veke 1-5, ein skidag pr. skule. Høver ikkje dette tidsrommet kan me sjå på alternative datoar i april.

For skidag utanom dette tidsrommet er prisen 225,- per elev, per dag (utan instruksjon og skileige).

Me meiner dei fleste born vil ha gleda av skiinstruksjon. Skiskulen har lang erfaring i å undervise born. Elevane blir delt inn i grupper etter ferdigheiter.Me kan lage eit tilbod med langrenns/turski når vi kjenner talet på elevar som ynskjer dette. Det er avgrensa kor mange par ski vi har i denne kategorien. For elevar som ikkje ynskjer eller ikkje kan stå på ski tilbyr me gratis aking i Bavallen. Varmestova er open for servering. Dei som ikkje skal stå på ski betalar ikkje noko denne dagen.

 

Meir informajon og bestilling​

For grupper/klassar over 15 personar må ein fellestinga billettar og gje antall på kor mange som ynskjer å leiga skiutstyr. Ver tidleg ute med å bestille då enkelte dagar kan vera opptekne grunna stor pågang.  Send e-post til fjellheisar@vossresort.no

Andre kampanjar

  • Gratis sesongkort til 4. klassingar i Hordaland

    Voss Resort ynskjer å motivera born og unge til auka fysisk aktivitet og gjev difor alle 4. klassingar i Hordaland gratis sesongkort!

    Les meir og book no »
  • Voss Vind og Pudder - studenttilbod

    Kom og leik hjå oss! Fly som supermann i vindtunnelen og stå på ski i Norges beste skiterreng. 

    Frå kr. 800,- per pers

    Les meir og book no »
  • Bedriftstilbod

    Ta med bedriften til ei kjekk oppleving på Voss! Bli med på aktivitetar med Vossamoro og bu i sjølvhushald hytter i Voss Resort.

    Frå kr. 875 per pers, inkl. aktivitet og overnatting med utvask

    Les meir og book no »
  • Tilbod til barneskuler i Hordaland

    I heile januar tilbyr me barneskoler i Hordaland skidag (inkl. heiskort, skileige og instruksjon) i Voss Resort for kun kr. 100,- er elev. Første mann til mølla!

    Kr. 100,- per elev

    Les meir og book no »
  • Fly and Stay

    Fly som supermann i Noregs største vindtunnel hjå Voss Vind og slapp av og finn roen hjå Voss Resort!

    Frå kr. 870,-

    Les meir og book no »
  • Studentrabatt i Voss Resort

    Treng du ein pause frå lesesalen? Kom og hent energi i Noregs beste skiterreng.

    Les meir og book no »