Buss og tog

Til Voss Resort

Gratis skibuss...

...til og frå Voss sentrum/Voss Resort - kvar dag!

No treng du ikkje lenger å tenkja på transport når du vil på ski. Når skianlegget er ope har me tre avgangar med gratis skibuss mellom Voss sentrum og Bavallen, uansett kva dag det er.

I tillegg har me ein ekstra avgang kvar laurdag og sundag frå Kiwi Palmafossen, Coop Extra Skulestadmo og via byggefeltet i Skulestadmo opp til Bavallen.

Kjem du til Voss i store grupper (10 personar og oppover) må du ta direkte kontakt med oss i forkant av skidagen. Mail: fjellheisar@vossresort.no, tlf: 4700 4700 


Rutetider 2016/2017

Kvar dag

Frå Voss Stasjon Frå Bavallen
Kl. 09.10 Kl. 14.00
Kl. 10.00 Kl. 15.00
Kl. 11.20 Kl. 16.00

NB! Vennligst merk at busshaldeplassen på Voss Stasjon er flytta til Fengelstomta (bak Voss Sparebank) grunna ombyggjing. 

Bussen køyrer Ringheimsvegen og Bavallsvegen t/r. Stoppestadane er Torget - Lundhaugen - Rogne - Bavallen.
 

Laurdagar og sundagar (ekstra avgang)

Frå Kiwi Palmafossen Frå Coop Extra Skulestadmo
Kl. 10.30 Kl. 10.40

* Kjørerute via byggefelt i Skulestadmo.

 

Skibilletten 2016/2017

Ta skitoget til Voss - enkelt og rimeleg!

Ta med deg skia, gå på toget i Bergen, hopp på bussen på Voss, og vips er du i bakkane hjå Noregs beste skiterreng! Skibilletten inkluderer:

  • tog tur/retur Bergen/Voss
  • buss tur/retur Voss jernbanestasjon/skianlegget
  • dagskort i skianlegget
Skibillett Voss Resort ungdom1) Frå 290,-1)
Skibillett Voss Resort vaksen Frå 640,-
Skibillett Voss Resort born 540,-
Skibillett Voss Resort student2) 550,-2)

¹) Prisen har som føresetnad at ein har UngdomSkyss

2) Gjeld kun ved framsyning av gyldig studiebevis.


Skibilletten kan du bestilla på www.fjordtours.no eller på togstasjonen i Bergen 

Undermeny

Kjøp heiskort her