Overnatting

#vossresort

Overnatting i Voss Resort

Bu like ved skibakken i moderne, sjølvhushald hytter og leiligheiter.

Voss Resort leiger ut moderne hytter og leilegheiter heile året, med skianlegget som næraste nabo.


Perfekt utgangspunkt og korte avstander

Skianlegget, hyttene og leiligheitene ligg flott til med utsikt over deler av Vossavassdraga og Vossafjella, og med korte avstandar til det meste. Det er knappe 1,5 t køyring frå Bergen, og omlag ti minutt frå Voss sentrum, eller fem minutt til daglegvarehandelen i Skulestadmo. Voss Resort er eit perfekt utgangspunkt for eit mangfald av aktivitetar. Her har heile familien fjellet og naturen som spanande leikeområde rett utanfor døra! 


Om hyttefeltet

Me legg vekt på at området skal vera roleg og familievenleg. Ansvarleg leigetakar av våre hytter/leilegheiter må vera 23 år eller meir. Hyttefeltet består av 138 hytteeiningar med to separate leilegheiter, vertikal- eller horisontaldelte. Leilegheitene er frå 50–120 m².


Servicebygget Bavallstunet

Servicebygget Bavallstunet disponerer einingar for utleige året rundt, samt seks moderne innreia leilegheiter i andre etasje. Servicebygningen har matsal, salong, stort resepsjonsområde, toalett, og bar med alle rettigheiter. I tillegg er det lokale for møte og seminar i tredje etasje.

 

Kontakt oss om overnatting

Tlf: +47 4700 4700
E-post: post@vossresort.no

Undermeny

Book hytte her