Hytter

#paovoss

Hytter i Voss Resort

Bu i moderne sjølvhushaldhytter med skibakken like i nærheten!

Hyttene i Voss Resort er av høg kvalitet og er godt utstyrt med omsyn til sjølvhushald. Dei fleste hyttene har vedomn, kabel-TV, badstove, flislagde bad, vaskemaskin, oppvaskmaskin, kjøleskåp med frys, komfyr, dyner og puter. Storleiken varierer frå små, koselege hytter med to soverom til større hytter med hems og plass til inntil 8 personar. Kvar hytte er sett saman av to einingar, og er anten vertikal- eller horisontaldelt.


Voss Resort tilbyr fem ulike hyttetypar:

GRUPPE AREAL M2 SENGEPLASSAR* MERKNAD
1 55 4 (5)

2 soverom

2 60 4 (6) 2 soverom, sauna
3 60 + hems 6 (8) 2 soverom, hems, sauna
4 80 – 85 6 (8) 3 soverom, sauna
5 95 + hems 8 (11) 3 soverom, 2 etasjar + hems, 2 stk WC, sauna

* Sengeinndelinga varierer frå hytte til hytte. Sjå meir informasjon om kvar hyttegruppe nedst på sida.

 

Prisar 2017/2018

Prisane gjeld frå desember 2017 til ut april 2018.
Eigne prisar gjeld for vinterferie veke 7, 8 og 9 og påske. Kontakt oss på +47 4700 4700/post@vossresort.no for å få desse prisane.

GRUPPE DØGN WEEKEND1) MIDTVEKE2) 1 VEKE3) UTVASK*
1 1545,- 3570,- 6145,- 8360,- 750,-
2 1650,- 3815,- 6760,- 9225,- 850,-
3 2005,- 5285,- 7615,- 11 345,- 950,-
4 2410,- 5965,- 9260,- 13 260,- 1150,-
5 3035,- 6860,- 10 710,- 16 320,- 1250,-

¹) Weekend = fredag - sundag.
²) Midtveke = sundag - fredag.
³) Valfri ankomst, ikkje laurdag.

* Prisen på utvask kjem i tillegg til prisen på overnatting.
Leige av sengetøy kr 160,- per person (inkluderer sengetøy og 2 stk håndkle).

 

Om hyttene

Alle hyttene er individuelt innreia og møblert.

Gruppe 1:
Hyttene er på ca. 55 m² fordelt på eitt plan, og har to soverom, bad, stove, kjøkken og dei fleste har vedomn. Hytteeiningane i overetasjen har utgang til eigen altan, underetasjen har utgang til plen eller terrasse.

Gruppe 2:
Hyttene er på ca. 60 m² fordelt på eitt plan, og har to soverom, bad med sauna, kjøkken og stove. Alle hyttene i denne gruppa er plassert i underetasje med utgang til eigen plen eller terrasse. Det er ikkje vedomn i denne hyttegruppa.

Gruppe 3:
Hyttene er på ca. 70 m² fordelt på i hovudsak eitt plan, og har to soverom, hems, bad med sauna, kjøkken og stove. 

Gruppe 4:
Hyttene er på ca. 80 m². Omlag halvparten av hyttene i denne kategorien er fordelt på to plan, resten går over eitt plan. Hyttene har tre soverom, bad med sauna, kjøkken og stove, og nokre har to toalett. Einingar som går over eitt plan har utgang til både altan og terrasse, eller plen.

 

Booking

Les våre bestillingsvilkår for overnatting her.
For booking, ta kontakt med oss på tlf. 4700 4700, post@vossresort.no eller bestill online.

Book hytter her

Undermeny

Book hytte her