Servering

#vossresort

Mat og drikke i Voss Resort

Hjå oss finn du heile fire kafèar/restauranter med variert serveringstilbod rundt i skianlegget. I tillegg har me afterski kvar laurdag i SkiBarBula.

Varmestova i Bavallen 

Ta deg ein tur innom Varmestova og nyt ein nymalt kaffi eller kakao. Til den kan det smaka godt med ein rykande fersk bolle eller nysmurte sandwicher. Me har og suppe som varmer godt på ein dag i bakken.
 

Storestova – Slettafjellet 

Storestova finn i hjartet av anlegget. Her serverer me hamburgere, gryter, supper og påsmurte sandwicher, noko for einkvar smak. Når sola tittar fram opnar me grillen på terrassen.
 

Hangursrestauranten

Ynskjer du eit måltid med fantastisk utsikt på kjøpet? På Hangursrestauranten får du servert velfylte planker med deilige ostar og skinker, varmande supper eller fyldige salatar.


Bavallstunet

Bavallstunet er open året rundt. Her serverer me Voss sin beste pizza, Bavallstunet kan og leigast for selskap av alle slag. 
 

SkiBarBula Afterski

Afterski på Bavallstunet høyrer med til ein dag i bakken. Ski in, dance out! SkiBarBula afterski er open kvar lørdag frå kl. 15, med DJ. Utvida opningstider i feriar og høgtider.

Undermeny

Kjøp heiskort her