For barna

#vossresort

Eigne barneområder, Grebbe skiklubb og gratis heiskort!

I Voss Resort ligg forholda til rette for at dei minste skal kunne utfalda seg. 

Fire områder spesielt tilrettelagt for barna

Grebbesbakken ligg i Bavallen og er gratis. Her kan borna få både ein tidleg og trygg start på ski. Det 50 meter lange skibandet har ei svak helling, og er lett å koma seg av og på. Her er det heilt idéelt for dei minste å trena seg til å bli flinke på ski, både på langrenn og alpint. Bakken vert også brukt av vaksne nybyrjarar som vil ha ein forsiktig start. I Grebbesbakken vert det arrangert skirenn kl. 13.00 med påmelding innan kl. 12.30. Det er gratis å delta og alle får premie.

Badnakrokjen ligg rett ved kaféen på Slettafjellet. Her er det eit eige skitrekk på 190 m for dei små. Badnakrokjen har eit flott terreng for leik og moro saman med andre born. Det er òg to gapahuker med sitteplassar til 8–10 personar i kvar. Badnakrokjen har eigen aktivitetsleiar og er open i helger, feriar og høgtider. Det vert arrangert skirenn kl. 13.00 med påmelding innan kl. 12.30. Det er gratis å delta og alle får premie.

Vetlebakken ligg midt i området ved Bavallstunet høver godt for born som både har stått litt på ski frå før, men også for nybyrjarar. Her er og ei skogsløype for dei minste. 

Skicrossen på Hanguren er løypa for borna som har ynskjer litt utfordring! Her finn du mellom anna bølgefelt, kuler og doserte svinger. 


Grebbe skiklubb

GrebbeHangur er trollet som bur på fjellet heile året. Han besøker borna kvar lørdag og sundag. Han likar godt feriar, så då kjem han på besøk igjen. Han seier ikkje so mykje, men er veldig snill og god på ski. Nytt for sesongen 2017/2018 er at Grebbe får sin heilt eigen skiklubb! Det syns han er skikkelig kjekt og han vil at so mange barn som mogleg er med. Følg med nærmare sesongstart for meir informasjon om korleis du kan registrera deg i Grebbe skiklubb.

 


Gratis heiskort til barn 0 – 6 år

I Voss Resort skrir alle barn frå 0 – 6 år gratis i anlegget. Hugs å ta med keycard. Hjå oss får og alle barn mellom 0 – 6 år leige hjelm gratis.
 

Gratis sesongkort til alle 4. klassingar i Hordaland!

Voss Resort ynskjer å motivera born og unge til auka fysisk aktivitet og gjer difor alle 4. klassingar i Hordaland gratis sesongkort. Ta med pass/fødselsattest og keycard ved utlevering av kortet. Kortet kan hentast ut gjennom heile sesongen og krev ingen førehandsbestilling. 

Undermeny

Kjøp heiskort her