Sikkerhet i anlegget

#vossresort

Ta ansvar...

...lær deg tryggleiksreglane for Voss Resort!

  1. Ein kvar skiløpar må te seg slik at han ikkje skadar seg sjølv eller andre.

  2. Alle må avpasse fart og køyremåte etter dugleik, terreng, føre og trafikk i bakken.

  3. Det er forbode å køyre rett utfor bortsett frå under organisert trening.

  4. Den som kjem bakfrå har ansvaret for å unngå kollisjon.

  5. Den som køyrer inn i eller kryssar ein bakke, må sørgje for at dette skjer utan fare. Dette gjeld òg etter ein stopp.

  6. Stopp ikkje på tronge eller uoversiktlege stader.

  7. Ein skiløpar på veg oppover må berre nytte ytterkanten av bakken.

  8. Skistopparar er påbode. Kontroller at bindingane er rett innstilt.

  9. Følg skilting og merking.

  10. Ved skader har einkvar plikt til å hjelpe. Vitne og medverkande pliktar å oppgje personalia.

  11. Det er ikkje tillatt å køyre med barn i bæremeis verken i heis eller bakke

  12. Alkohol og skikøyring høyrer ikkje saman.

Brot på skivettreglane kan medføre bortvising frå området. Me oppfordrer og våre gjester å følge fjellvettreglane. 
 

Off-piste køyring i anlegget

Voss Resort har fantastiske off-piste moglegheiter i tilknytning til skianlegget. Både i ope skogsterreng, kupert snaufjell og utfordrande høgfjellsterreng.

Me oppmodar alle som ferdast utom preparerte løyper å utstyra seg med sekk (evt. skredsekk), spade, søkestong og sendar/mottakar, i tillegg til hjelm. Men utstyret i seg sjølv er ikkje livreddande - kan du bruke utstyret du har med- og på deg? Her er nokre viktige faktorar i høve ferdsel utom preparerte løyper:

  • Kunnskap om terrenget/ fjellet der du ferdast. Vær- og føreobservasjonar den siste tida - vurdér skredfaren.
  • Kunnskap om snø og skred, samt linjevalg og fornuftig skikøyring i utsett terreng.
  • Kjennskap til dei du køyrer saman med (kunnskap, erfaring, utstyr) og gruppedynamikk.
  • Køyr aldri aleine. Ha alltid oversikt over / øyekontakt med alle i gruppa og pass på kvarandre.
  • Dersom skredet skulle gå - kva gjer du / dekan? Varsling, søk og kameratredning, livredning. Kan alle dei ulike prosedyrene?


Skredvarsling i anlegget

Kvar dag vert det loggført temperatur, vind og nedbør. Observasjonar og enkle testar er også grunnlag for vurdering av skredfaren. Det er oppslag fleire stader i anlegget, som gjeld for våre heisnære områder dvs. områder som du kjem til med heis, og som du kan køyre attende til heisen frå (eks Bodegaen). Vår skredvarsling vert utført av skipatruljen, som bla forholder seg til www.varsom.no og deira varslingsorgan.

Hugs at all ferdsel utanom preparerte løyper skjer på eige ansvar.

 

Trygg flyging i Voss Resort

Det er stadig aukande aktivitet med skjerm på fjellet - Paraglidere, kitere, speedridere og speedflygarar. Voss Resort var tidleg ute med reglar for bruk av skjerm i anlegget, anvisning av exit- / og landingsarena samt merking av eige område for kiting. Me ber alle som driv med skjermaktivitet i anlegget å vise omsyn til desse formalitetane. Sjå løypekartet for angitte områder for skjermaktivitet.


Ikkje føl spor!

Me gjer merksam på at speedridere og speedflyere ofte flyr frå Lønahorgi og Horgaletten, og legg flotte puddersvingar der det absolutt ikkje er tryggt for andre utan skjerm å fylgje etter. Desse spora endar ofte utfor bratte skrentar og stup, som desse skjermflygarane svever vakkert over. Vær difor varsom med å følge spor ukritisk i terreng du ikkje er godt kjend.

 

Viktige telefonummer

Skipatruljen +47 455 11 283
Ambulanse 113
Brann 110
Politi 112
Voss Resort +47 4700 4700
Undermeny

Kjøp heiskort her