Skiskule

#vossresort

Opplev skikøyring med
Voss Resort Skiskule

Skiskulen hjå Voss Resort handlar om å inspirera og å få alle, uansett alder og ferdigheiter, til å oppleve det fantastiske ved skikøyring.

Me held instruksjon for både grupper og enkeltpersonar, born, vaksne, nybyrjarar og meir erfarne. Det er og mogleg å få instruksjon i parken på Slettafjellet.

Ting deg ein time, og bli god på alpint, carving, telemark, snøbrett, parkkøyring, laussnø-teknikk, langrenn eller frikøyring/offpiste! Me tilbyr instruksjon på norsk, engelsk og tysk, og det er til ei kvar tid mange dyktige instruktørar i sving, og uansett kor erfaren eller uerfaren du er når det gjeld ski, får du hjelp hjå oss.

 

Prisar skiundervisning 2017/2018

NB: Rabatterte prisar om du har BTFordel

GRUPPEUNDERVISNING
(5-12 PERS)
1 DG 2 DG 3 DG 4 DG 5 DG +DG
100 min per dag, pris per pers. 450,- 800,- 1050,- 1300,- 1500,- 200,-
 
PRIVATUNDERVISNING 1 PERS PR PERS EKSTRA
50 min., pris per pers 750,- +300,-
100 min., pris per pers 1200,- +350,-
180 min., pris per pers 1850,- +450,-

 

Prisar guida turar 2017/2018*

KVA

ANTALL
TIMAR

PRIS PER PERS
Park camp, ski eller snowboard 3 t 600,-
Guiding i skogsløyper og ekta Vossapudder 3 t 600,-
Guida tur Voss Resort – Dyrvedalen inkl. transport tilbake 3 t 700,-
Guida tur Voss Resort – Klondyke – Voss Resort 3 t 600,-
Topptur Voss Resort – Lønahorgi – Afdal/Løne inkl. transport tilbake 5 t 850,-

* Minimum 5 personar. Alle turane eignar seg for både ski og snowboard. Har du ikkje utstyr sjølv har skiskulen/skiutleiga landets beste utval av av breie ski med skifell og topptur binding. Her kan du og låne splittboard. 

 

BTFordel

Har du BTFordel kort får du 15% rabatt på skiinstruksjon (minimum 2 personar). Time må bestillast i forkant. For bestilling ring 4700 4700, eller send e-post til skishop@vossresort.no. Hugs å oppgi at du har BT Fordel.

 

Kontakt skiskulen

Tlf. +47 4700 4700
skishop@vossresort.no

Undermeny