langrenn

#vossresort

Til fjells på langrennski

På Voss og i Voss Resort finn ein mange mogelegheiter for langrennsturar

Om du tek turen for ei god oppleving saman med borna dine, eller berre ynskjer ei treningsøkt, så har Voss Resort langrennsløyper som passar for deg. Her finn du 18 km preparerte løyper i småkupert og familievennleg terreng.

Ekspressheisen i Bavallen tek deg opp til starten av løypenettet. Du finn prisar for heiskort her. Ynskjer du ei ekstra utfordring er det mogleg å gå heilt frå Raugstad eller parkeringa i Bavallen. Då får du sveitta skikkeleg.

Ved å klikke deg inn på skisporet.no kan du halda deg løpande oppdatert om når løypene sist vart preparert, og elles få nærare informasjon om løypene.

Voss ski- og tursenter

Ynskjer du litt variasjon kan me anbefale ein tur til Voss ski- og tursenter i Herresåsen. Her finn du over 25 kilometer med fine langrennsløyper for heile familien. Det er omlag 15 minutt køyring frå Bavallen til parkeringsplassen i Herresåsen.

Flott utsikt frå langrennsporet på Hanguren. Foto: Per Finne

Undermeny

Kjøp heiskort her