Carvingkurs

Carvingkurs for vaksne

Ønskjer du å få den gode kjensla under føtene? Kjensla av å sveva ned dei nypreparerte, bratte og breie løypene Voss har å by på? Bli med Alexander Raa Nilsen og Voss Resort Skiskule på carvingkurs. Me har kurs for både damer og herrer. Me skal gje deg gode tips, hjelpa deg med å terpa teknikken og finna meistringskjensla i trygge og vennlege omgjevnader.

Nivå

Alle desse kursene er svart nivå, noko som betyr at du må vera ein habil skikøyrar som meistrar både raude og svarte løyper, og er vand med skikøyring i terreng og på ulike underlag.

Vêr- og snøforhold kan påverka kursopplegget

Merk at gjennomføring av carvingkurs avheng av snøforholda. Dersom forholda ikkje er gode nok, vil me i staden setja opp eit frikøyringskurs på same nivå. Voss har noko av det beste terrenget for frikøyring, og på kurset vil me læra deg gode teknikkar for frikøyring og korleis du kan finna den rå kjensla av meistring i fjellsida.

Kursdatoar

  • Lørdag 15. februar: Carvingkurs for damer (10:00-12:30, 150min)
  • Søndag 16. februar: Carvingkurs for alle (10:00-12:30, 150min)
  • Lørdag 22. februar: Carvingkurs for herrer (10:00-12:30, 150min)
  • Søndag 23. februar: Carvingkurs for alle (10:00-12:30, 150min)

Meld deg på carvingkurs

Andre arrangementer

13. des - 18. apr

Afterwork

Ei god avslutning på arbeidsveko og ein kick-start på helga!
4. jan - 19. apr

Afterski

Kvar laurdag!
Fredag 24. januar 2025, 16:00 - 21:00

Afterski med quiz i Bavallstunet

Bli med på afterski med quiz!