Voss Resort skiskule

Bli ein flinkare skikøyrar saman med våre erfarne instruktørar som underviser på alle nivå. 

Frå fyrste plog til full kontroll

Ski- og snowboardkøyring er ekstra kjekt når ein meistrar utstyret ein brukar, kjenner den gode rytmen i svingane og flyten i bakken.

Våre flinke instruktørane gler seg til å læra deg gode tips og triks, anten du er nybyrjar, vil lære deg carvingsvingar, køyre i laussnøen, gå toppturar eller ynskjer å terpa teknikken i storslalomløypa.

 

Privatundervisning 

Privatundervisning gjev deg den beste og tettaste oppfylginga. Instruktøren skreddarsyr timen til deg bygd på dine behov og ynskje, uavhengig av om du er nybyrjar eller erfaren skiløpar.

Du kan velga mellom:

  • alpint eller snowboard 50 minutt (for barn under 12 år)
  • alpint eller snowboard 100 minutt (alle nivå)
  • alpint eller snowboard 150 minutt (alle nivå)
  • alpint eller snowboard full dag (fem timar, alle nivå)

Ynskjer du undervisning i langrenn eller telemark på 100 minutter eller på 150 minutter, send oss ein e-post på skishop@vossresort.no.

Bestill privatundervisning

Hugs å bestille skiundervisning seinast 48 timar før timen gjennomførast. Du kan bestilla ved ankomst eller på nett. 

Bestill privatundervisning

Velg riktig nivå
Sjå oversikta over våre ulike nivåer lengre ned på sida.

Oppmøtestad
Bavallen og Hangurstoppen, øvre stasjon Voss Gondol. Møt opp seinast 10 minutt før timen startar eller minimum 30 minutter før dersom du skal leige ski i tillegg.

Gruppeundervisning

Lær deg skikøyring i lag med andre på same nivå. Ved behov deler me opp i fleire aldersgrupper (for eksempel 7-8 år, 9-11 år, 12-15 år). Det må vera minimum tre personar i kvar gruppe for å gjennomføre gruppeundervisning. Er det under tre påmeldte blir det undervisninga redusert til 50 minutter.

Me tilbyr ulike gruppeundervisning:

  • 2 dager (kun helger): Alpinkurs barn ( 7-15 år) blått eller grønt nivå 150 min
  • 3 dager (oppstart mandager): Alpinkurs barn ( 7-15 år) blått eller grønt nivå 150 min
  • 5 dager (oppstart mandager): Alpinkurs barn ( 7-15 år) blått eller grønt nivå 150 min

Bestillgruppeundervisning

Hugs å bestille skiundervisning seinast 48 timar før timen gjennomførast. Du kan bestilla ved ankomst eller på nett. 

Bestill gruppeundervisning

Gruppekurs
I løpet av vinteren, særleg i helgar og feriar, vil det verta ulike kurs du kan melde på. Til dømes jibbekurs, skredkurs, carvingkurs, toppturkurs, snowboardkurs, teknikkurs i langrenn.

Oppmøtestad
Bavallen og Hangurstoppen. Møt opp seinast 10 minutt før timen startar eller minimum 30 minutter før dersom du skal leige ski i tillegg.

Kontakt Voss Resort Skiskule

Me stenger bestillingar på nett 48 timar før skiundervisingane startar for å kunna tilby best mogeleg kundeservice. Om du ikkje får bestilt til det tidspunktet du ynskjer, kan du kontakta oss på e-post eller telefon for manuell bestilling.
 

Finn ditt nivå på undervisninga

Krev inga forkunnskap om ski eller heisar. Dette er for deg som er nybyrjar. Du lærer deg balanse på ski, bremsing og svingteknikk. Skiband vert brukt som heis.

Du har stått litt på ski før. Du kan bremsa og meistrar svingteknikk. Du kan ta stolheis åleine og meistrar løyper på grønt nivå.

Du har grunnleggande skikunnskap og ferdigheit. Du meistrar løyper på grønt og blått nivå på eiga hand. Du har erfaring med stolheis og T-krok.

Du er ein habil skikøyrar som meistrar raude og svarte løyper. Du ynskjer å terpa teknikk og skikøyring med ulikt terreng og underlag.