Utleige av hytte eller leilighet
Få god avkastning på hytta eller leiligheita når du ikkje brukar den sjølv. Voss Resort organiserer utleige for dei som ynskjer å leige ut eigen fritidsbustad. Me sørger for tilsyn og sjekk av leilegheit eller hytte, og står for administrasjon, reinhald og vedlikehald.
Kontaktinformasjon
For meir informasjon kontakt post@vossresort.no
Fleksibilitet – ein modell til det beste for gjest og hytteeigar, tilpassa marknaden
Me tilbyr ein dynamisk og fleksibel modell som er tilpassa ynskjene til gjestane. Modellen er til det beste for deg som hytteigar og gjer det effektivt for oss som utleigar. Dette gjer det enkelt og fleksibelt for deg som hytteeigar, og bidrar til god avkastning.
Økonomi og avkastning
Du som hytteeigar får betalt for dei dagane hytta er leigd ut, og du får marknadsverdi for utleige. Betalinga vil reflektere etterspurnaden. Du vil også i større grad kunne styre når du vil at hytta er tilgjengeleg for utleige.
Etter vår modell får kvar enkelt hytteeigar betalt eit beløp lik 65% av den enkelte einings konkrete utleigebeløp eksklusive meirverdiavgift. Prissetting vert gjort ut frå erfaring og kjennskap til marknaden, og vil verta dynamisk tilpassa etterspurnaden.
Standard krav for alle utleigeobjekt i Voss Resort er at alle leilegheitene har: vaskemaskin, tv-abonnement, wifi, spisebord med stoler og dekketøy lik antall sengeplassar i leilegheita, dyner og puter (gjestane leiger sengetøy frå oss), tørkestativ eller tørketrommel, brannsløkkingsapparat, brannvarslar og informasjonsperm med bruksanvisning og teknisk informasjon om hytta eller leilegheita.
Prisane på utleige er dynamiske og basert på:
- Sesong
- Storleik
- Plassering/beliggenheit
- Standard
Fordeler for deg som leiger ut via Voss Resort
- Personleg VIP/Ambassadør-kort i Voss Resort til utleigers nære husstand, 12 månaders varigheit, som gjer:
- Rabatt på sesongkort og/eller heilårskort på den ein kvar tid gjeldande pris/kampanjepris
- Rabatt på mat i våre restaurantar
- Rabatt på skiskule, skiutleige og skiservice
- Rabatt på gondolbillettar
- Voss Resort handterar heile bestillingsprosessa og dialog med kunde
- Marknadsføring av utleige i fleire kanalar (Voss Resort sine egne, Destinasjon Voss, Fjord Norge, Visit Norway, turoperatørar og andre samarbeidspartnare)
- Administrering og gjennomføring av reinhald og vedlikehald
- Månadleg utbetaling av leige til eigar basert på hytta eller leilegheita si faktiske månadlege utleige
- Utleige tilpassa ditt behov – du vel sjølv periodar for utleige innanfor rammene nemnt over
- Tilsyn eller sjekk av leilegheit eller hytte
- Eigar portal med tilgang til bestilling av eigenbruk, inntekter, tilgjengeligheit, med meir.
- Andre eksklusive tilbod/arrangement og lojalitesbonusar kjem sannsynlegvis med tida