Kveldskøyring i Voss Resort
Me har 11 km lysløyper i både grøn, blå, raud og svart løype, og eitt av dei 10 beste kveldskøyringstilboda i Europa! Følg med på vêr og føremeldingar for oppdatert informasjon om kva løyper og heiser som er opne.

Smaksrike pausar til kveldskøyringa
Nyt ein smakfull pause på Hangurstoppen Restaurant!
- Tysdag- og torsdagskveldar serverer me kjøkkenets smaksrike suppe, fjellplanken og pizza – perfekt etter ei aktiv økt i bakken.
- Fredagskveldar kan du velje frå vår varierte dagmeny og pizzameny, full av rettar som gleder både store og små.

Nytt togtilbod Voss-Bergen
Frå og med 15. desember vert det ny avgang frå Voss klokka 21:08 til Bergen, måndag til laurdag. Det passar perfekt med kveldskøyring på Voss, som gjer det enklare enn nokon gong å nyte skikøyring i Voss Resort. Du kan velje å stå på ski heile dagen eller berre ta deg ein kveldsøkt i dei flotte løypene våre.
Når du er ferdig, er det berre å slenge seg på toget og lena seg tilbake medan du vert frakta trygt heim til Bergen – enkelt og greitt!
Der skientusiastane samlast
Kveldskøyring er eit samlingspunkt på Voss.
Med mange kilometer lyssatte løyper, i tillegg til eit spanande og leikent skiterreng tilgjengelig med hovudlykt, er det ikkje rart at ein vel å tilbringa ettermiddagane her.
Du kan ta ein velfortent pause frå kvardagen, møte kjente eller berre ha ei artig ettermiddagsaktivitet.
Lyssatte løyper i Voss Resort:
- Trollbakken (4, grøn)
- Slettafjellet (16)
- Alphaparken (P)
- Familieløypa (8a og 8b, grøn og blå)
- Badnakrokjen (20, grøn)
- Alphaløypa (7, raud)
- Storslalåmløypa (6, svart) – kun fredagar
- Grebbesbakken (12, grøn)
Desse heisane går under kveldskøyring:
- Gondolen
- Bavallsekspressen
- Tråstølsekspressen
- Slettafjellet
- Badnakrokjen
- Trollbakken
- Grebbesbakken