Voss – den råaste aktivitetsbygda i Noreg!
Aktivitet- og ekstremsportsbygda Voss har uendeleg mykje å by på. Med Voss Resort som utgangspunkt er det ingen grenser for kva du kan nå og finne på. I området vårt står naturen i sentrum og du vel sjølv korleis du vil nyta den; om du vil opp i fjellet til fots, ta inn utsikta frå Voss Gondol og Hanguren Restaurant, sykle, eller sveve rundt i lufta med paraglider.
Voss kan by på så mangt
Viss det er noko som skildrar Voss, så er det orda «sterke og ekte opplevingar». Her har du kort avstand til eit hav av aktivitetar for den aktive og eventyrlystne familien og vennegjengen. I tillegg er både Hardangerfjorden og Sognefjorden berre ein liten køyretur unna. Voss passer difor perfekt som base for sommarens uforgløymeleg eventyr!
Reis til Voss når som helst, og du kan få den komplette opplevinga!
Sommareventyr i Voss Resort
Om du tar beina fatt eller vil testa gondolen opp til Hanguren 818 moh. ventar det eit mangfald av aktivitetar både for den meir ekstreme eller for familien på tur.
Meir enn berre ekstremsport
Om du tenkjer på Voss kjem kanskje ekstremsport raskt opp i hovudet? Voss har så uendeleg mykje å by på frå vindtunnel, klatrepark, sykling, rafting til bading og fjellturar. Det er noko for alle!
Dessutan finn du et rikt kulturliv her, med blant anna Vossajazz, Osafestivalen, Voss Cup og Ekstremsportveko som dei verkeleg store.
Kva for nokre aktivitetar fristar mest?
Mat og drikke + Kultur = Matkultur
Mat og drikkekulturen er særs sterk på Voss, noko bygda etter kvart har blitt verdskjent for. Du har sjølvsagt høyrd om Vossafår?! Og kanskje du har høyrd gjetord om delikatessa med kallar smalahove? Det er berre nokre av dei mange unike matopplevingane på Voss.
Hjå Hangurstoppen Restaurant har me fokus på mat laga frå botn og norske råvarer. Her får du servert mat med gode, sesongbaserte og lokale råvarer.
Voss har og ei lang og unik tradisjon innan ølbrygging, noko som verkeleg har fått ein del merksamd dei siste åra. Det er spesielt den verdskjente Kveik’en, Voss er kjent for. Denne tradisjonstunge gjæren har særs lange urnorske tradisjoner på Voss og vert i dag løfta fram internasjonalt blant ølbryggarane. Fleire av bryggeria tar imot besøk, til dømes Voss Bryggeri og Voss Fellesbryggeri.
Voss har ei rik kulturhistorie
- Finnesloft ein gildesal frå middelalderen
- Vangskyrkja frå 1277
- Voss Folkemuseum på Mølstertunet
- Hedleberget skiferbrot på Kyte med historie i spektakulære omgjevnader. Her er det konsertar, omvisning og ein nydeleg kultursti.
- Nesheimstunet ligg med flott utsikt over Lønavatnet.
- Den unike idrettshistoria på Voss med over 100 OL og VM-medaljar som strekkjer seg attende til Jon Istad sine fyrste medaljar i skiskyting på byrjinga av 1960- talet til Sjur Røthe sin VM-bronse på 30 km skiatlon i Planica i 2023.
Sov godt etter ein aktiv dag i Voss Resort
Moglegheitane er mangfaldige om du brukar Voss Resort som base for sommarens eventyr! Me har sjølvhushald hytter og leiligheiter til leige gjennom heile året.