Afterski i Voss Resort

I vintersesongen har me afterski på Hangurstoppen Restaurant og i SkiBarBula på Bavallstunet. 

Afterski på Hangurstoppen Restaurant

På Hangurstoppen blir det ein meir avslappa atmosfære, i form av afterski med fokus på «lounge», god mat og vin i glaset. Bar med alle rettigheter. Kvar laurdag i vintersesongen frå 4. januar frå kl 15.00 – 20.00. 

Me har eigen afterskibillett til kr 100,- som gjeld laurdagar i vintersesongen. Gyldig på gondolen for ein tur opp mellom kl 15:00 og kl 18:00, og ein tur ned mellom kl 15:00 og 20:30.

Aldersgrense 20 år. 

Kjøp afterskibillett

Reserver VIP-bord
Gledar du deg så mykje at du vil vera sikra plass på afterski? Bestill bord på førehand. Kun 4 bord tilgjengeleg kvar laurdag, maks 10 personar per bord. Bordet er ledig kl 15:45 og reserverast til klokka 16:00. Afterskibillett må kjøpast i tillegg. 

Reserver VIP-bord

Nytt togtilbod Voss-Bergen

No er det ny avgang frå Voss klokka 21:08 til Bergen, måndag til laurdag. Det passar perfekt med både kveldskøyring og afterski i Voss Resort. Sleng deg på toget og len deg tilbake medan du vert frakta trygt heim til Bergen – enkelt og greitt!