Mat og drikke i Voss Resort

“Utan mat og drikke duger fjellgeiten ikkje”. Her kan du sjå dei ulike tilboda for mat og drikke i anlegget. 

Hangurstoppen Restaurant – open heile året

På Hangurstoppren Restaurant har ein fokus på å laga mat frå botn, med norske råvarer. Her får du servert mat med gode, sesongbaserte og lokale råvarer. Difor har me ikkje fast meny gjennom heile året, men varierer menyen gjennom sesongane basert på tilgjengelege råvarer. 

På 818 meter over havet og med store vindauge kan du nyta fantastisk utsikt til fjell- og natur. I same lokale finn du og baren Hangur 818 - kor me har “Ittepao jobb” og drikke av god kvalitet.

Les meir om restauranten

Skigjester som sitter ute og spiser ved Storastovo

Storastovo – open på vintaren

Under vintersesongen finn du Storastovo i hjarte av anlegget, på Slettafjellet. Her serverer me mellom anna hamburger, pølser og suppe. På solrike dagar opnar me grillen på terrassen. Storastovo er og open under kveldskøyring. 

Skigjester som ser på utsikten over vagen frå gamle Hangursrestauranten.

Gamle Hangursrestauranten – open på vintaren

Nokon vil nok påstå at utsikta frå Gamle Hangursrestauranten er Voss sin finaste, både sommar og vinter.

Gresk street food
Vintersesongen 24/25 vil Taste of Greece tilby sitt greske matkonsept på Gamle Hangur. Les meir om Taste of Greece. Gamle Hangur er open kvar dag frå 26. desember til sesongslutt.

Varmestova- open på vintaren 

I Varmestova i Bavallen kan du vinterstid nyte ein kakao eller kaffi, med ei rykande fersk bolle, panini eller andre kioskvarer. Open for sal av kioskvarer under kveldskøyring. 

Medbragt niste?

Medbrakt mat og drikke kan ein nyte i grillhyttene i Trollbakken, Badnakrokjen, grindbygget på Slettafjellet, foajeen i “gamle” Hangursrestauranten, Varmestova i Bavallen og Åsneshytta. Sjå løypekartet for kor dei ulike hyttene er i anlegget.