Voss Resort si historie

Les om historien og utviklinga til Voss Resort. Frå det fyrste skitrekket kom på plass i Bavallen i 1948, til i dag kor Voss Resort er eit av Vestlandets største skisenter. 

Ei historie om rørande dugnadsinnsats

«Hent skitrekket, eg garanterer for resten av pengane», sa ein anonym vossing våren i 1947 - og sidan har me ikkje sett oss tilbake.

Før andre verdskrig drøymde Vossingane om eit skitrekk i idrettsmiljøet.

Då krigen tok slutt fekk dei kjennskap til eit skitrekk på Austlandet etter tyskarane, som no var i hende hos «Direktoratet for fiendtlig eiendom». Då starta grublinga – korleis skulle ein få tak i skitrekket til ca. kr. 200.000,-? Verken Voss Herad eller lokale bankar ynskja å investere i gammal tysk eigedom.

Dei lokale initiativtakarane gav ikkje opp, og etablerte L/L Voss Skitrekk og selde luter à kr. 100,- til lokalsamfunnet (Luter?). Her snakkar me ekte dugnadsinnsats!

Ein laurdag våren 1947 satte Vossingane kaffen i halsen – då dei leste i Dagbladet at skitrekket dei var på jakt etter var til sals. Dei fekk det travelt, men mangla 27.000 kroner for at draumen skulle gå i oppfylling. Ein anonym kar sponsa restbeløpet og resten er historie.

Slik kom det lengste skitrekket i Noreg til Voss sommaren 1947! Og som eit av dei fyrste i Noreg opna det med brask og bram 25. januar i 1948. I 1964 opna Gamle Hangur restauranten og ble fort eit populært samlingspunkt for store og små.

Frå bergensarar til amerikanarar

Både amerikanarane, britane og bergensarar har saumfara til Voss for gode skiopplevingar heilt sidan 60-talet.

Då Gamle Hangursbanen vart bygd på slutten av 60-talet byrja bergensarane å få augne opp for skitilbodet på Voss. Då, som no, kunne dei ta toget til Voss og oppleve ekte skiglede. Slik vart Voss Resort eit særs populært aktivitetstilbod hjå bergensarane på 60-70-talet og er det framleis den dag i dag.

 

Ekte skileik sidan 1948

I 2023 fylte Voss Resort 75 år. Sidan opninga i 1948 har mykje skjedd. Frå Bergen kan du ved hjelp av gondolen komme deg tørrskodd heilt opp til Hangurstoppen på 818 moh.

Spenn fast skia og sett utfor i nypreppa alpinløyper, prøv frikøyring i pudder eller test dei småkuperte langrennsløypene. 

Rivande utvikling

Selskapet har vore igjennom fleire faser og med ulike namn: 

L/L Voss Skitrekk på 1950 talet 

Folkeselskap

  • Bygde og dreiv det fyrste skitrekket i Bavallen. 

L/L Voss Ski og Fjellheisar på 1960-80 talet

Folkeselskap

  • Overtok L/L Voss Skitrekk. 
  • Bygde og dreiv Hangursbanen (Dinglo og Danglo),Hangursheisen, dei fyrste Slettafjellstrekka, gamle Tråstølheisen, gamle Bavallsheisen og Horgaletten. 
  • Bygde Hangursrestauranten og Storastova. 

Voss Fjellheisar AS 1990-2007

Aksjeselskap fyrst eigd av hotella og nokre få næringsfolk på Voss, frå 1998 eigd av Adolfsen Group

  • Overtok L/L Voss ski og fjellheisar. 
  • Bygde Hangurstrekket, Alfaheisen og Expressheisen (Nye Bavallsheisen). 
  • Bygde det fyrste snøproduksjonsanlegget. 

Voss Resort 2007 – d.d. 

Aksjeselskap der majoriteten er eigd av selskaper representert ved Adolfsen Group, i tillegg er det lokale eigarar frå Voss og Bergen.

  • Overtok Voss Fjellheisar AS, Voss Prosjektutvikling AS og Bavallstunet (tidlegare Bavallstova) i 2007. 
  • Ferdigstilte hyttebygginga i Bavallstunet, tot 136 stk.
  • Bygde og solgte nye hytter og leilegheiter på Tråstølen, ca 330 stk. 
  • Bygde Voss Gondol og Hangurstoppen med restaurant og skiutleie. 
  • Utvida snøanlegget med høgdebasseng og fleire snøkanoner. 
  • Etablerte nye løyper og familieområder med barneskitrekk og bånd. 
  • Bygde nye Tråstølheisen. 
  • Driftar i dag all verksemd i Voss Resort.