Forfriskande bading på Voss - Valbergstjørni
Valbergstjørni er eit nydeleg lite fjelllvatn ved Røde Kors-hytta på Hanguren. Her kan du kombinera fjelltur, sykling, paraglider og mykje anna med badetur. Frå Hangurstoppen går det ei T-merka rundløype på 3 km forbi her. Frå vatnet har du flott utsikt mot Lønahorgi! På dei varme daganen, så er det ingenting som slår litt frisk fjell luft og eit bad!

Badebrygga
Sommaren 2022 fekk me ei heilt ny badebrygge i Valbergstjørni. Den fine brygga gjer det litt mei behagelig å bade, og er heilt ypperlig når ein vil ligge litt i sola og varme seg etter eit forfriskande bad.
Det vart også hengt opp ei redningsbøye samtidig som brygga kom på plass. Ta vare på kvarandre.
NB: Brygga vert fjerna når det nærmar seg vinter og vert satt ut igjen vår/sommar.
Korleis kjem du deg dit?
Ta gondolen til Hangurstoppen, eller gå til fots frå Bavallen eller Voss folkemuseum/sentrum. Til fots må du rekna eit par timar opp. Fylg skilt til merka rundløype på 3 km (Grebbesløypa). Denne stien tek deg bort til vatnet.