Paragliding i Voss Resort

På Voss finn du alt ein paraglidar kan ynskja seg!

Voss er ein av dei mest kjende og mest brukte flystadane på Vestlandet og i Noreg.
Ikkje utan grunn, for her finn du alt ein paraglidarpilot kan ynskja seg.

Mellom anna har du:

  • Gondol som tek deg til topps (818 moh)
  • Sørvendt start med god termikk
  • Ca. 600 m. høgdeskilnad
  • Hovudlanding i sentrum ved Vangsvatnet
  • Distansemoglegheiter i mange retningar


Heisbasert flyging

Paraglidere er velkomne til å nytta Voss Gondol for å koma seg til Hangurstoppen. Gondolen tek deg frå Voss stasjon (56 moh) til Hangurstoppen (820 moh) på mindre enn 9 minutt. 
Flyging frå Hanguren

Hangurstoppen (820 moh) er hovedstarten for Voss Hang-og paragliderklubb. Starten finn du langs Hanguren Panorama (tursti), ikkje langt frå Hangurstoppen Restaurant/toppstasjonen for Voss Gondol. Startretning er aust og det løner seg difor ofte å vera tidleg på start (10 – 11 tida). Fine vinterdagar med lett austavind kan gje fint heng. Frå mars kan du få termikk på fine dagar. Merk at starten kan vera litt ujevn om sommaren. Hold GOD klaring til gondol og kablar!

Den sørvendte starten ligg 200 m til høgre frå gamle Hangursrestauranten; ein fin grasbakke som er nokså slakk og går over i ein markert trekant. Den sørvendte starten set opp fin termikk i fjellsida under start. Du finn gjerne bobla på venstre hjørna av start tidleg på dagen, like til venstre for vindpølsa, eller over heismasta framom Hangursrestauranten litt seinare på dagen. NB! Hugs å halda god klaring til gondol og kablar.

Ut på ettermiddagen kjem solgangsbrisen, og det vert sidevind på start. Dette gjer flyginga både meir vanskeleg og risikabel, og det kan verta problem med landinga. Følg derfor alltid med på Vangsvatnet og sjå etter når vinden kjem. Fly ned i tide!

 

For meir utfyllande informasjon, sjå Voss Hang- og Paraglider klubb sine nettsider.