Hangur 818
Baren på Hangurstoppen er med si plassering ein attraksjon i seg sjølv.
Her finn du ein innhaldsrik og spannande barmeny.
Staden gjev deg hygge, noko godt i glaset og gode opplevingar i høgfjellet.
Kvar laurdag i skisesongen finn du Ittepaoski her. Og fredagar, nesten heile året, finn du Ittepaojobb her.

Fokus på drikke av høg kvalitet
Med moderne cocktails og kaffebar, er dette ein av dei mest populære stadene på Voss for noko godt i glaset.

“Ittepaojobb” – kvar fredag frå kl. 16:00
“Me skal ikkje berre nett ta oss eit glas og noko godt å eta… ittepaojobb?”
Kvar fredag legg me til rette for ekte god stemning, noko steikje godt i glaset og ein god matbit! Ein perfekt kickstart på helga, eller ein anledning til å ta med kollegaer ut på noko sosialt. Har du sesongkort, så er det berre å møta opp!
Berre kr. 249,- inkludert gondolbillett og Vossaplanke (snacks, med smakar frå verden).
Aldergrense: 20 år
Ittepaoski (afterski)
På Hangurstoppen blir det ein meir avslappa atmosfære og ein litt anna type afterski på laurdagar. På “Ittepaoski” er det «lounge», god mat og vin i glaset.