Fredagsjibb i Badnakrokjen

Lågterskel fredagsjibb i Badnakrokjen i regi av Voss Freestyleklubb

Bli med Voss Freestyleklubb på uhøgtideleg fredagsjibb, og god stemning i Leikeparken i Badnakrokjen.

Er du nybegynnar, eller har køyrd litt i park frå før? Alle er velkomen!

Medlemmar og trenarar i Voss Freestyleklubb delar tips og triks. Styret stiller med glowsticks musikk, god stemning, og kanskje noko godt frå bålpanna? 

Ta med syskjen, vener, mor/far og besteforeldre, me skiast! 

Andre arrangementer

13. des - 18. apr

Afterwork

Ei god avslutning på arbeidsveko og ein kick-start på helga!
27. des - 23. feb, 10:00

Carvingkurs

Carvingkurs for vaksne
4. jan - 19. apr

Afterski

Kvar laurdag!