SKIROSA
Dagen då damene "eig" skianlegget
SKIROSA er skidagen som er dedikert til damene! Kos deg på ski og skiquiz med ulike postar fordelt rundt på fjellet. Det er berre damer som får delta på skiquiz og skirenn, og dermed har moglegheit til å vinna flotte premiar. Men mannfolka er hjarteleg velkomne til å vera med på afterski.
Billetter til afterski og VIP-bord
Me avslutter dagen med afterski og premieutdeling på Hangurstoppen Bar 818 med landets beste DJ, Sjølvaste DJ Mariann Rosa som dreg på i år også! Mariann Rosa er ei kjent vokalist i Thrash Pop bandet SURFEROSA, Idol-dommer og starta sin DJ-karriere for 20 år sidan.
Me lovar ekte god stemning på Hangurstoppen denne kvelden! Siste gondol ned er kl. 22:30.
MERK! I år må du kjøpa billett for å vera med på afterski under SkiRosa. Det gjeld og dei som har tenkt å vera med på sjølve SkiRosa arrangementet.
Det vert og mogleg å kjøpe VIP-bord på afterskien.
- Afterskibillett: kr 150,- om du har skikort/sesongkort (gondol allereie inkl). / kr 250,- (gondol lagt til).
- VIP-bord: kr 5000,- for bordet. Opptil 10 pers. Ein må vera tilstades mellom 15:45 og 16:00 for å få bordet. Det er 4 bord tilgjengeleg - desse har beste plassering i lokalet, ved baren. Ingen krav til minimum spend. Afterskibillett må kjøpast i tillegg.
Det er begrensa antal plasser, så ver tidleg ute for å sikre deg plass!
Ta med deg kjærast, syster, mor, svigermor eller venninner og kos deg på ski og afterski på Hangurstoppen denne dagen.