{"file":"12277","path":"1702475422\/dsc00501.jpg","name":null,"description":null}

I strålande vintervêr sette Voss Resort ny rekord med over 5 000 gjester i skianlegget – det høgaste talet på gjestar nokosinne!

Med alle heisar og dei fleste løypene opne, var det gode moglegheiter for gjestene til å spreie seg i anlegget og samstundes oppleve dei ulike restauranttilboda.

– Me ser ein positiv effekt av stadig fleire internasjonale gjester, gode forbindelser for skikøyrarar som bur langs Bergensbanen, som gjer det enkelt å kome til Voss Resort, og ikkje minst ein stor del lokale skikøyrarar i skianlegget, seier Jonas Bauer, operativ leiar for Voss Resort.

Dette er òg ein effekt av investeringane som er gjort i anlegget dei siste åra med gondolen, Hangurstoppen Restaurant og ikkje minst Tråstølsekspressen, som har opna fjellet med heilt nye moglegheiter.

Snøproduksjonen har halde fram etter nyttår, og no er den ferdig. No ventar me berre på litt natursnø før alle løypene kan opnast. Me ser fram til vekene som kjem med fleire spanande arrangement. Fyrst ut er Voi Voi Afterski med liveband 1. februar, som vil levere show og god stemning på Hangurstoppen.

Ein dag med så mange gjester set naturlegvis heile skianlegget på prøve. Alt i alt kan me slå fast at det har gått veldig bra, samstundes som me sjølvsagt ser område som må utviklast for å kunne ta imot alle gjestane på dei store dagane. Mange gode erfaringar som me tek med oss i det vidare arbeidet.

Sist oppdatert 16 januar 2025 01:39

Andre nyheiter

Voss Resort sets new guest record

In beautiful winter weather, Voss Resort set a new record with over 5,000 guests in the ski resort - the highest number of guests ever!

Matutlevering frå Framifrå

Bestill ekte gardsmat høye kvalitet og unike smak frå Løvaas Gard

Taste of Greece - nytt mattilbod på Gamle Hangur

Ekta gresk fast-food laget med hjarta