Ei kjærleikshistorie
I 1959 fekk Nils Een køyra WorldCup-rennet på Voss på arrangørkvota, og sidan den gong har han vunne fleire NM-titlar og representert Noreg i mange renn. Som ein ekte Vossing gler han seg over kvar dag han kan klikka på seg skia og skli nedover. Bli med når han mimrar tilbake til tida som alpinist og skientusiast.
Sjølvtrakka løyper
Den fyrste heisen som vart bygga var Bavallsheisen. Preppemaskiner fantes ikkje på den tida, så Nils og kameratane i idrettslaget måtte trakke løypene sjølv. Dette tok mykje tid, så karane blei nærmast «for god» på å preppe eigne løyper.
- Vi blei nesten betre på å trakke enn å gå på ski. Det var ein del av miljøet, vi visste ikkje noko anna, så sånn var det, seier Nils.
Han har alltid vore aktiv og veldig glad i alpint. Sjølv om han ikkje var best då han fekk moglegheita til å delta i WorldCup i Bavallen, gav det han ei enorm motivasjon til å halde fram med satsinga på idretten.
Det gode samarbeidet
At Voss Resort i dag er eit av landets beste skianlegg er eit resultat av godt samarbeid mellom idretten og skianlegget. Det var blant anna idrettsmiljøet i Voss som fekk starta utbygginga av både storslalåm- og utforløypa.
- Det blir jo berre gjetting sjølvsagt, men eg trur ikkje Voss hadde vore det same som det er i dag utan idretten og det gode samarbeidet som har vakse seg veldig sterkt gjennom mange år, seier skientusiasten.
Omtrent like gamal som Voss Resort går han kanskje under kategorien veteran, men Nils elskar fortsatt å stå fort på ski og deltar gledeleg i renn når anledninga byr seg. Til dømes tok han tre gull under veteran-NM i 2015.