Ein gondol – fleire moglegheiter
Ein tur med Voss Gondol er mykje meir enn kun ein heistur. Det er opplevingar litt utanom det vanlege, enten du ønskjer å bytte utsikt nokre timar eller planlegg ein heil dag fullpakka med aktivitetar.
På tide å få pulsen til å stiga med ein fottur eller løpetur
Det er ingen tvil om at Voss har mange flotte fjellturar å by på. Frå Hangurstoppen kan du trø på merka turstiar, vandre kilometer etter kilometer for å kome deg på fjelltoppen Lønahorgi (1410 m.o.h) eller dra på stolpejakt. Last ned vandrekartet.
Topptur med kvilepuls
Gondolbana gjer fjellet tilgjengeleg for alle og med god plass i gondolane kan gjestar ta med alt i frå barnevagnar til syklar. I samband med toppstasjonen er det laga ein flott tursti, Hanguren Panorama. Hanguren Panorama er tilrettelagt for familiar med og utan barnevogn, og rørslehemma.
Den lette turstien er ein kilometer lang som ein kan gå eller sykla, og har fleire utkikspunkter og instaspots undervegs. Her kjem du tett på naturen, og kan ta inn omgjevnadane frå eit litt anna perspektiv enn du vanlegvis gjer. Kvifor ikkje testa Hangurshusko medan du nyt dei majestetiske Vossafjella?
Rundstien er også startpunkt for paraglidarar, så her kan du stå på første rad og sjå utøvarane i det dei sklir utanfor kanten. Det er ikkje fritt for at pulsen kan auke litt berre ved synet.
Er du av den litt smågale typen – slik som Vossingane?
Kvifor ikkje teste tandem paragliding ned igjen? For dei litt meir vågale er nemleg Hangurstoppen også eit populært utgangspunkt for paragliding. På toppen har du enkel tilgang til dei to startpunkta, i tillegg til gode forhold med 600 meters høgdeforskjell og distansemoglegheiter i fleire retningar. Voss Hang-og paragliderklubb tilbyr tandem paragliding gjennom sesongen.
PS: Ikkje gløym å lade kamera ;)
Ordentleg kaffi med panoramautsikt attåt
Hangurstoppen Restaurant opna i 2019 og har kanskje Noreg si vakraste utsikt der den ligg på toppstasjonen til Voss Gondol, 818 meter over havet. Herfrå har du panoramautsikt over mange Vossafjell, som mellom anna Gråsida, Hordnalsnuten og Lønahorgi.