Ferie på Vestlandet?

Å opphalda seg i hjarta av Fjord Noreg og samstundes ha tilgang til «alt» er vel neppe det verste utgangspunktet for ein ferie? 

Bygda som har alt – eit mangfald av moglegheiter

I Vossabygda finn du uendeleg med aktivitetar for deg som er på utkikk etter ein aktiv og vågal ferie med familie, vener eller kjærast. Du kjem enkelt til Voss med både bil og tog for unike opplevingar. Bygda er kjend for ekstremsport og fantastiske naturopplevingar. Lista over ting å gjere er lang; her kan du blant anna prøve rafting, fallskjerm, paragliding og sykling, samt vandre på ei rekkje flotte fjellturar. I tillegg kan du fly i vindtunnel, oppleve familierafting, leige kajakk og kano, dra i klatreparken eller bade innandørs i Vossabadet for å nemne noko.

I Voss sentrum, berre få minutt med bil frå hytteområdet til Voss Resort, finn du matbutikkar med stort utval og spesialbutikkar med kortreiste delikatesser. Du finn også ein rekke stader å ete, shopping i handlegate og senter, Vinmonopol og sportsbutikk for det du skulle ha gløymd eller plutseleg treng.

Kort fortalt finn du alt du har behov for akkurat her. 

Aktivitetar på Voss 

Bu midt i smørauget

Ein tur hit gjer det fort forståeleg kvifor turistar frå heile verda vel å feriere på Vestlandet.

I Voss Resort er det tre hyttefelt av høg kvalitet. Her er både moderne og sjarmerande hytter og leilegheiter i ulik storleik som egnar seg uansett om du bestiller som par, familie, små grupper eller opp til 15 personar.

Felles for alle områda er at det er god tilkomst med bil, hyttene ligg like ved fjellet og dermed har du naturen rett utanfor hyttedøra samstundes som dei berre ligg fem kilometer frå Voss sentrum. Og ikkje minst så ligg hyttene sentralt til om ein ynskjer utflukter for å oppleve dei fantastiske vestlandsfjordane som Sognefjorden, Hardangerfjorden og den unescolista Nærøyfjorden. Voss er også eit knutepunkt for dei som seinare vil reise vidare for eksempel med tog til Bergen, Oslo eller Flåm.

Sjå oversikt over
hytter og leiligheiter

Fjelltur med barn og opplevingar for store og små

Eit av trekkplastera for deg som ynskjer å b­åde oppleve og overnatte på Vestlandet, er den moderne gondolbana Voss Gondol. I romslege kabinar vert du frakta til spektakulære Hangurstoppen 818 meter over havet, på under ni minutt. Fjelltoppane og naturen er tilgjengeleg for deg, uansett utgangspunkt.

Her kan du tilbringe dagen i slåande norsk natur i ditt eige tempo. Med flotte turmoglegheiter, fjellvatn til å bade i og instagramvenlege aktivitetar er det nok av ting å gjera for å fylle dagen. Sjå vårt vandrekart og finn ein fjelltur som passar deg og ditt reisefølgje. Her ligg og Hangurstoppen Restaurant med sesongbasert meny, enkel og rustikk, med nydeleg panoramautsikt.

På jakt etter å leige hytte eller leilighet ?