Tilbod til skular og barnehagar

Voss Resort ynskjer at flest mogleg born og ungdom på Voss kan nytte gondolen og det flotte turområdet på Hangurstoppen heile året.

Me tilbyr difor eigne prisar for barnehagar og skular i skuletid. Tilbodet gjeld også for SFO i skuletid.

På Hangurstoppen har me flotte turmoglegheiter i umiddelbar nærleik til toppstasjonen av gondolen.  Voss Utferdslag og Voss kommune har eit godt T-merka stinett til Lønahorgi, Raugstad og Bavallen, samt at Voss Resort har merka eit par rundløyper i nærleik til Hangurstoppen. 

Tilbodet gjeld i barnehage- og skuletid og kun ved førehandstinging per epost, seinast dagen før ankomst.

Skidag for barne-, ungdom- og vidaregåande skular i Vestland

Det er få ting som gler eit barnesinn meir enn snø å leika seg i, gjerne med ski på beina. Voss Resort ynskjer å motivera barn og unge til fysisk aktivitet. Før var det ein naturleg ting å ha ski heime og læra seg basis ferdigheiter gjennom leik og moro. I dag er det mange som ikkje har ski og dermed verken kan vidareføra arva etter Sondre Norheim eller tileigna seg ferdigheitene til Kari Traa.

Me har difor tilbod på skidag, inkludert instruksjon og leige av utstyr. Ta kontakt med hei@vossresort.no for prisar og meir informasjon. 

4. klassekort
Me tilbyr også gratis årskort til alle 4. klassingar i Vestland fylke. Les meir om 4. klassekortet. 

Bestilling

Prisane er berre gjeldande ved førehandstinging per epost, seinast dagen før ankomst. Bestillinga kan berre skje av barnehagen/skulen/SFO sitt personale.

Ver venleg å sende oss følgjande informasjon: 

  • Ankomsttid
  • Antal små og store
  • Namn og tlf. nr til ein kontaktperson i gruppa
  • Betalingsmåte (kontant eller faktura). Dersom de ynskjer å betale per faktura; send oss fakturaadresse, organisasjonsnummer og ref (ansattnr. e.l.). 

Send bestillinga til post@vossgondol.no

Me lager klart billettane til de kjem, slik at kontaktlærar eller tilsette kan henta billettane samla anten hjå Turistinformasjonen eller hjå gondolevert hjå Voss Gondol. 

Me gler oss til besøk! Velkomne til oss!