Frå heimelaga snøbrett til suksessfull designkarriere
Per Finne er omtrent vakse opp i Voss Resort og Hanguren har på mange måter definert livet hans. I ungdomstida hadde han ikkje råd til å kjøpe seg eit snøbrett frå USA, så han bestemte seg likegjerne for å lage sitt eige. Dette blei byrjinga på ei lang og innhaldsrik karriere som industridesignar med produkttesting i skianlegget.
Tett på produktarenaen
Dei mangfaldige timane med skileik har definert ein større del av livet til Per, men viktigaste av alt er lidenskapen og nærleiken til fjell og snø. Etter snøbrettet han laga til seg sjølv for snart førti år sidan, har det blitt fleire sportsrelaterte produkt i Per sin designkatalog opp i gjennom – med alt frå hjelmar til ski og stavar.
- At verkstaden og skianlegget ligg nært ser eg på som ein stor fordel. Fleksibiliteten med det å sitje og jobbe med ein prototype, for så å kunne dra kjapt ut å teste den, og deretter kome tilbake på verkstaden og gjere justeringar, er unik, seier Per.
Raskt til fjells
Industridesignaren vaks opp på Finne med kort veg til Hangursbana. Etter nokre år vekke frå Voss var det ingen tvil om at han ville tilbake. Då han returnerte for godt over tjue år sidan ønska han, som i oppveksten, nærleik til «Hanguren».
- Det unike med Voss tenkjer eg er Gondolen, både den gamle og nye, som gjev ei unik moglegheit til å kome seg raskt til fjells, seier Per.
Voss Resort, eller Fjellheisane som det heitte i gamle dagar, har betydd mykje for miljøet på Voss. Skisenteret og fjella står sentralt i det å definera det aktive miljøet og folkesjela hos dei naturglade Vossingane. Fleire arrangement og aktivitetar har oppstått i kjølevatnet av Voss Resort si 75 år lange historie.