Bestillingsvilkår – Voss Resort/Voss Gondol
Desse generelle vilkåra gjeld mellom Voss Resort AS/Voss Gondol AS (heretter VR/VG) og den som sjølv eller gjennom andre inngår ein avtale med VR og/eller VG ut i frå gjeldande bekrefting (gjesten). Avtalen kan gjelde overnatting, heiskort, gondolbillettar, aktivitetar, kjøp av andre produkt og tenester eller ein kombinasjon av desse.
Ansvarleg formidlar overnatting
Voss Resort Bavallstunet AS, Bavallstunet 27, N-5710 Skulestadmo, Norway
Org nummer: 977 172 926, e-post: post@vossresort.no, telefon: +47 4700 4700
Ansvarleg formidlar heiskort
Voss Resort Fjellheisar AS, Evangervegen 3, N-5704 Voss, Norway
Org nummer: 959 031 517, e-post: post@vossresort.no, telefon: +47 4700 4700
Ansvarleg formidlar gondolbillettar
Voss Gondol AS, Evangervegen 3, N-5704 Voss, Norway
Org nummer: 916 271 557, e-post: post@vossgondol.no, telefon: +47 4700 4700
Ansvarleg formidlar servering
Voss Resort Hangurstoppen AS, Evangervegen 3, N-5704 Voss, Norway
Org nummer: 918 905 405, e-post: post@vossresort.no, telefon: +47 4700 4700
Ansvarleg formidlar aktivitetar
Voss Resort Skiskule-Skileige AS, Evangervegen 3, N-5704 Voss, Norway
Org nummer: 992 138 939, e-post: skishop@vossresort.no, telefon: +47 4700 4700
Bestillars ansvar
Før ein gjer ein endeleg bestilling, skal ein lese og gjere seg kjent med viktig informasjon om det aktuelle produktet. Bestiller er ansvarleg for at kjøpet er i høve til sine eigne ønsker. Bestiller er ansvarleg for å forsikre seg om at opplysningane i vilkåra er i samsvar med bestillinga.
Gjennomføring av bestilling
Etter korrekt gjennomført online betaling skal du få en kvittering på e-post. Kvittering inneheld alle detaljar ved ditt kjøp og kan tas med til oss.
Bestilling er ikkje gjennomført og ikkje gyldig i fylgjande hald:
- Bestiller har ikkje motteke e-post med kvittering eller bookingbekrefting/bookingnummer.
- Kortbetalinga avbrytast av ulike orsakar og innbetalinga mislykkast.
- Betalinga vert ikkje gjennomført fullstendig eller korrekt slik at beløpet ikkje vert trekt frå konto. Derfor kansellerast førebels reservasjon etter kort tid og handelen er ugyldig.
Er du i tvil om bestillinga er korrekt gjennomført? Kontakt oss.
Atterhald
VR/VG og våre underleverandørar står ikkje til ansvar for vêrforhold, stengte fasilitetar eller andre atterhald som ligg utanfor vår kontroll. Me tek atterhald om feil og endringar i våre prislister og beskriving av tenester. Det vert tatt atterhald om eventuelle publiserings- eller korrekturfeil på nettsider og på annan trykt informasjon om tilboda VR/VG formidlar.
Personvern
Ved registrering av personopplysningar samtykker gjesten til at VR/VG i eigenskap av personopplysningar, brukar opplysningane for å gjennomføre VR/VGs forpliktingar overfor gjesten. Me oppbevarer kundedata i atterhald til norsk lov.
Endring i skattar og avgifter
Dersom skattar og/eller avgifter vert endra, og dermed fører til ein kostnadsauke for tilbydar etter at bestillinga er gjennomført og betalt, kan prisen aukast tilsvarande for bestillar. Kunden skal straks få informasjon om prisendringa.
Force Majure
Begge partar har rett til å gå vekk i frå avtalen dersom arrangementet ikkje kan gjennomførast som fylgje av krigshandlingar, naturkatastrofar eller arbeidsmarknadskonfliktar, lengre avbrot i vatn- eller energitilførsel, brann, epidemier eller andre tilsvarande større hendingar som ingen av partane har hatt mogelegheit til å føresjå eller påverke.
Tvisteløysing
Me ber gjesten ta kontakt med dei ulike tilbydarane dersom dei har noko å utsetje på bestilt arrangement. Dersom gjesten og Voss Resort ikkje klarar å forhandle seg til einigheit skal eventuell tvist vedrørande tidlegare inngått avtale løysast i Bergen tingrett.
Overnatting
Om ikkje anna er avtalt kan eininga disponerast frå kl. 16:00 ankomstdag og utsjekk vil vera seinast kl. 12:00 dagen for avreise.
Bestilling
Ein bestilling er gjeldande så snart eit bookingnummer er tildelt og betaling utført. Det er gjestens ansvar å kontrollere at ankomst- og avreisedato, samt alt anna som er av betydning for bestillinga er korrekt.
Betaling
Gjesten kan trygt og enkelt bestille og betale direkte i resepsjon eller online. Betalinga kan gjerast med kort (VISA, MasterCard, Maestro). Ved faktura tilkommer det et gebyr på 75 kr. Gjesten skal ta med seg betalingsbekreftinga ved ankomst, om opphaldet er betalt på førehand.
Ved online booking blir gjesten belasta fullt beløp ved bestilling.
Avbestilling eller endring for overnatting
Alle avbestillingar må skje skriftleg til Voss Resort Bavallstunet: post@vossresort.no. Voss Resort Bavallstunet har rett til å endre vilkåra for eininga dersom gjesten kan få tilbod om ei likeverdig teneste.
- Avbestiller gjesten opphaldet tidlegare enn 30 dagar før ankomst refunderast 75% av totalsum.
- Avbestillingar 30 dager eller mindre før ankomst vert ikkje refundert.
- Ved “no show” beheld Voss Resort Bavallstunet heile betalingssummen. Ved seinare innsjekk eller tidlegare utsjekk blir ikkje beløp for uteståande netter refundert.
- Endringar av ankomst- og/eller avreisedato skal skje på mail til post@vossresort.no.
Forpliktingar gjest
For å kunne bestille/inngå ein avtale med Voss Resort Bavallstunet om overnatting må ansvarleg gjest ha fylt 23 år. Dersom aldersgrensa ikkje er oppfylt når eininga skal overtakast gjeld reglar for avbestilling. Dette er ein familievenleg plass, og det skal derfor vera stille mellom kl. 23:00-07:00. Er det støy og bråk som er til sjenanse for andre gjester vil det kome utrykking frå vaktselskap og åtvaring vert gjeven. For kvar utrykking til eininga, vil gjest måtte betale kr. 1500,- Om ikkje åtvaringa vert fyld, vil ein bli kasta ut direkte. Ved slike situasjonar refunderast ikkje leigebeløpet.
Brot på bestemminga om røykeforbod medfører ein avgift på reinhald frå NOK 6000,-. Husdyr kan, mot eit tillegg i prisen, tas med på nokre av våre einingar. Sjekk med oss ved bestilling eller før ankomst om dette er tillate på din eining.
Gjesten er erstatningspliktig overfor utleigar for tap og skade som påførast bygning eller inventar. Gjesten pliktar å betale utleigar for ekstrakostnader som skuldast leigetakars og medfylgjande personars åtferd. Gjesten plikter å reingjere i samsvar til reingjeringsinstruksane før avreise. Dersom dette ikkje er godkjend av reinhaldspersonalet, debiterer Voss Resort Bavallstunet ein avgift avhengig av størrelsen på bueininga.
Alle nøklar til bueininga skal leverast ved avreise. Dersom dette ikkje skjer, debiterast ei avgift på opptil kr. 3500,- for byte av lås. Ved manglande innlevering av nøkkelkort må gjest betale kr. 200,- per kort.
Eventuelle reklamasjonar under opphaldet skal leggjast fram til Voss Resort Bavallstunet direkte, eller seinast kl. 11.00 dagen etter ankomst. Slik kan mangelen/feilen rettast med det same og med minst mogeleg ulempe for gjesten. Manglande reklamasjon vil medføre tap av retten til seinare erstatningskrav.
Parkering av bil i området skjer på tilviste plassar og på eige ansvar.
Heiskort/gondolbillett
Kjøp av heiskort krev at ein har eit keycard. Keycardet ladast ved første passering i heisen sitt vendekors. Kortet er personleg og nederst på kortet finn du eit keycard nummer (f.eks. 01-1614 7200 2500 3445 8000-01) som må brukast i vår online betalingsløysing for å lade opp keycardet med heiskortet du ynskjer.
Alle born 0-6 år skal ha eit keycard. Dette gjeld også om dei kan stå gratis i fylgje med føresette.
Sesongkort, heilårskort og 10 dagars kort er berre gyldig med bilete av eigar synleg på kortet. Desse korta er personlege og kan ikkje verte gjeven til andre. Misbruk fører til inndraging av kortet eller eit gebyr på kr. 1500,-.
Bruk av skikort
Med mindre anna er bestemt er skikort – unntatt punktkort og enkeltbillett – personlege og kan ikkje overdras/lånast ut til andre. Overtreding kan medføre at kortet vert inndradd. Brukaren skal kunne legitimere at vedkommande er rettmessig innehavar av kortet. Kortet skal uoppfordra visast ved kontroll.
Tapt kort erstattast kun med eit nytt kort når personlege data er registrert i forbindelse med kjøp av heiskortet og det lar seg sperre. Anleggseigar har anledning til å ta eit administrasjonsgebyr i forbindelse med utsteding av nytt kort.
Skader på heiskort ved normal bruk gir rett til utsteding av nytt kort.
Ved eventuelle ulykker som korthaldar er involvert i – eller er vitne til – forpliktar vedkommande seg til å legitimere seg, her under å oppgi namn og telefonnummer.
Det vert ikkje gitt erstatning (refusjon eller endring av kort) ved driftstopp grunna dårleg vèr, straumbrot, maksinfeil eller liknande.
Angrerett og refusjon ved kjøp av heiskort/gondolbillett (inkludert gåvekort)
Ved kjøp av heiskort/gondolbillett/gåvekort på internett er det ingen rett til avbestilling, endring eller refusjon, jfr Angrerettloven kapittel §22 bokstav m) Dette gjeld også for pakker og kampanjar som inneheld datofestede heiskort eller datofestede arrangement.
Angrerettloven gjeld heller ikkje ved sal av heiskort/gondolbillett/gåvekort frå ordinære utsalsstader, eksempelvis sal frå billettluke eller automat.
Billettar som ikkje kan brukast grunna tekniske feil, dårleg vêr- og føreforhold vert ikkje refundert.
Refusjon ved sjukdom eller skade
Ved sjukdom eller skade vil kortbrukaren kunne nytte ein høvesvis refusjon av kortutgiftene for den tid kortet ikkje kunne nyttast. Skaden eller sjukdommen skal på førespurnad dokumenterast gjennom legeerklæring. Kortet skal tilbakeleverast så fort som mogeleg, ref retningslinjer for bruk av heiskort Alpinanleggenes Landsforening (ALF)
Sanksjonar ved misbruk av heiskort eller overtredelse av alpinvettreglane
Korthaldar er innforstått med at misbruk av heiskort, overtreding av Alpinvettreglene, brot på anvisingar i heisar og nedfartar, skikøyring i berusa tilstand m.v. kan medføre inndraging/sperring av heiskort, ilegging av tilleggsavgift/kontrollavgift, bortvising frå anlegget og/eller politimelding.
Med misbruk av heiskort meines bl.a. bruk av feil kort (vaksne som nyttar barnekort), kortet til ein annan person, forfalska kort, stole kort m.v.
Betaling
Betaling
For å sikre en god, trygg og sikker handel benytter me Nets sin NetsEasy Checkout løysning. Via denne løysninga kan du som gjest betale med Visa, Mastercard, Vipps, Apple Pay eller Klarna. All betaling gjerast i Nets sine portalar. Tapte billettar vert ikkje erstatta.
Servering
Våre standardvilkår gjeld med mindre det ikkje er inngått skriftleg avtale om noko anna. Mot større selskap, som for eksempel bryllaup, kan det verte avtala tilleggsvilkår.
Bordreservasjon
Ta kontakt per e-post eller telefon om de er fleire enn det er mogleg å booka for online i same husstand/gruppe.
Alle bordbestillingar vert bekrefta på e-post og/eller sms.
Bordet vert halde av til gruppa maks 15 minutt etter bestilt tidspunkt.
Avbestillingar og «no-show» – bordbestilling
Me ynskjer generelt ikkje å belasta gjester ved avbestilling. Me ber om forståing for at me må kreve at gjesten melder ifrå om dei ikkje kjem – og helst i så god tid som praktisk mogleg.
Prisar
Våre prisar er bindande, men me beheld oss rett til å gjera justering av prisane i tilbodet som fylgje av auka kostnadar knytt til innkjøp av varer og/eller tenester, auka skattar og/eller avgifter, eller andre forhold utanfor verksemda sin kontroll.
Betalingsvilkår
Selskap skal betale for seg før dei går frå restauranten, så lenge ikkje anna er avtala på førehand. Fakturering i etterkant må avtalast skriftleg på førehand. Ved fakturering må me få opplyst organisasjonsnummer og fakturaadresse. Kunden er ansvarleg for å gje eventuelt andre opplysingar som skal gå fram av fakturaen, som for eksempel prosjektnummer, avdeling el. Betalingsforfall er 10 dagar og ved for sein betaling reknar me lovbestemt forseinkingsrente.
Om ein vel faktura som betalingsmåte vil me leggje til eit fakturagebyr på kr. 75,- per faktura.
Arrangement med eigenandel
Dersom den enkelte deltakar skal betale eigenandel er bestillar/arrangør ansvarleg for at Voss Resort Hangurstoppen AS og den enkelte deltakar får kunnskap om dette. Arrangøren/bestillar er solidarisk ansvarleg for eitkvart krav som ikkje har blitt betalt av deltakar. Solidaritetansvaret gjeld generelt også for eventuelle erstatningskrav.
Endringar/tilleggsbestillingar
Satt antal og innmelding av allergiar må vere oss i hende innan 14 dagar før arrangementsdato. Endringar i antal mindre enn 14 dagar før arrangementet vil verte belasta.
For innmeldingar av allergiar mindre enn 14 dager før arrangementet kan me ikkje love at me kan tilpassa menyen.
Tilleggsbestillingar rett før eller under arrangementet skal betalast av arrangøren/kunden eller den enkelte deltakar i samsvar til våre generelle betalingsvilkår, til avtalt pris eller våre standardprisar dersom produktet ikkje er fastsett i pristilbodet.
Det vert lagt til grunn at tilleggsbestillingane vert utført av kursleiar, kontaktperson eller arrangørens leiarar skal belastast arrangøren og ikkje den enkelte deltakar med mindre anna er særskilt avtala. Det same gjeld for bestillingar utført av kvar ein av deltakarane knytt til gjennomføringa av kurs/arrangement, eksempelvis knytt til møteromsfasilitetar og liknande.
Avbestilling
- Avbestilling må skje skriftleg for å vere gyldig.
- Avbestilling utan kostnad må skje innan 4 veker før ankomst/arrangement.
- For avbestillingar gjort 2-4 veker før arrangementsdato vil ein verte belasta 50% av totalsum.
Avbestillingar gjort innan 2 veker før ankomst, eller no show, vil verte belasta med 100% av totalsum.
Angrerett ved kjøp av gåvekort
Ved kjøp av gåvekort på internett er det ingen rett til avbestilling, endring eller refusjon, jfr Angrerettloven kapittel §22 bokstav m). Dette gjeld også for pakker og kampanjar som inneheld datofestede heiskort eller datofestede arrangement. Angrerettloven gjeld heller ikkje ved sal av gåvekort frå ordinære utsalsstader.
Aktivitet
Individuelle
Før ein gjennomfører ei endeleg bestilling, skal ein lese og gjere seg kjent med viktig informasjon om det aktuelle produktet. Bestillaren er sjølv ansvarleg for at kjøpet er i samsvar til sine eigne ynskjer, når det gjeld antal personar og kva dato billetten eller aktiviteten er bestilt til. Merk at når det gjeld aktivitetar i regi av Voss Gondol/Voss Resort Skiskule- Skileige AS, er kjøpet berre gyldig den dagen aktiviteten er bestilt til.
- Bestilling av aktivitetar og arrangement er bindande ved betaling med stadfesta godkjend transaksjon. Ta vare på utskrifta.
- Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 10-20 dagar før aktiviteten skal vere: Me refunderer 50% av salssum
- Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 2-9 dagar før aktiviteten skal vere: Me refunderer 30% av salssum
- Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 1 dag før aktiviteten skal vere- eller ikkje møtt på aktiviteten- ingen refusjon.
- Det vert ikkje gjeve erstatning eller refusjon av billettar til aktivitetar og arrangement ved uventa driftsstans, dårleg ver eller føreforhold, straumbrot eller liknande.
- Kansellering av aktivitet eller arrangement på grunn av sjukdom/skade: må stadfestast av lege. Me refunderer 90% av salssum så lenge me er varsla innan 1 dag før arrangementet startar. Sjekk også di eiga reiseforsikring som kan dekke dette punktet.
- Kansellering av aktivitet og arrangement må gjerast skriftleg til e-post; skishop@vossresort.no , eller per post til Voss Resort Skiskule- Skileige, Evangervegen 3, 5704 Voss.
Gruppereservasjon (over fem påmeldte)
Eigne føringar gjeld for gruppebestilling knytt til aktivitetar og arrangement i regi av Voss Gondol/Voss Resort Skiskule- Skileige
- Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 21 dagar før aktiviteten skal vere: Full refusjon- 100% av total salssum.
- Kansellering av aktiviteten eller aktiviteten 10-20 dagar før aktiviteten skal vere: Me refunderer 50% av total salssum.
- Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 2-9 dagar før aktiviteten skal vere: Me refunderer 30% av total salssum.
- Kansellering av aktiviteten eller arrangementet 1 dag før aktiviteten skal vere- eller ikkje møtt på aktiviteten- ingen refusjon.
- Når det gjeld endring i antal deltakarar i gruppa på aktiviteten, gjeld eigne føringar då dette avheng av kva type aktivitet eller arrangement og gruppa sin størrelse. Desse vilkåra kjem nøye fram i det skriftlege tilbodet mellom Voss Resort Skiskule-Skileige AS og kunden.
Betaling
Me nyttar betalingsløysing frå Netaxept og du kan betale med Visa eller Mastercard. Tredjepart vil ikkje få tilgang til dine personopplysningar då Netaxept nyttar Secure Socket Layer (SSL) ved overføring av personleg informasjon. SSL lagar ein sikker (kryptert) forbindelse mellom din maskin og Netaxept. På denne måten kan informasjonen overførast trygt utan at uvedkommande kan lese den undervegs. Sjølve transaksjonen blir handtert av Elavon, og dette gjer deg ein trygg og sikker handel.
Angrerett
Angreretten gjeld ikkje heiskort, gondolbillett eller datofesta aktivitetar, arrangement og/eller servering.