Født med ski på beina?

Det er ikkje langt i frå sanninga at både Yasmin og Ola ble født med ski på beina, men at dei byrja tidleg, kan me i alle fall sei. Dei er begge to fast inventar i Voss Resort og om du spottar dei i anlegget, då ser du nokon som kosar seg skikkeleg, og gjerne frå tidleg morgon til seine kvelden.

Til eg vert 80 år!

Ola elskar å vera med storebroren Ask og då han var 8 år blei han med i parken for første gong. Ask skulle gje han ein skikkeleg god utfordring, men sidan då har Ola storkost seg i parken. Han elskar å læra seg nye triks og stadig bryna seg på nye utfordringar. I følge Ola sjølv er det viktig å pusha grensene for å bli betre på ski.

- Den perfekte skidagen for meg er å få ein god frukost og så dra rett ut på ski til langt ut på kvelden, og så må du få i deg mat på dagen og. Så er det rett på ski igjen neste dag, fortel Ola Mortensson ivrig.

Når me spør kor lenge han har tenkt å stå på ski, kjem da kontant: - Til eg er 80 år!

Vekker gode barndomskjensler

Yasmin er svært aktiv og brukar særs mykje tid på ski, enten det er i parken eller i pudder. Ho er trenar i Voss Freestyle der ho blant anna coacher jenter. Ho ynskjer å bidra til at fleire får oppleve skileik og økt meistring i parken.

- Det er veldig kjekt med samhald og progresjon. Jentene berre «gønne» på og det skaper meistringsglede for alle. Eg trur dei tar med seg den gode følelsen heim og kjenner på den heile veka, både på skule og jobb. Det skapar rein glede, fortel Yasmin.

Ho elskar dei fleste aspekta med å stå på ski, frå å sette ein god sving til å køyre pudder eller trikse i parken.

- I det eg klikke i skia mine føler eg meg som ein liten unge og det er ein heilt fantastisk fin følelse, sier Yasmin med et smil om munnen.

Sjå praten vår med Ola og Yasmin her.

 

Det har skjedd mykje på 75 år – les om vår spennande historie her.