Familieaking frå Hangurstoppen
Over 4 km med fart og spenning!
Vossamoro er klare for nye rundar med den populære familieakinga i Voss Resort!
No med 2 datoer: mandag 17. februar og onsdag 26. februar.
Løypa går i Familieløypa (8ab) vår som er heile 4,2 km. Akinga foregår etter stengetid. Me har snowracer til born og vaksne.
- Aldersgrense 10 år i fylgje med ein vaksen.
- Oppmøte ved skiskulen i Bavallen klokka 15:40.
- Pris born kr 230,- og vaksne kr 270,-. Om du ikkje har skikort kjem enkelbillett med Ekspressheisen i tillegg.
- Påmelding til akesjefen innan klokka 12:00 samme dag. Send SMS til 959 82 065.
- Hugs skikort, gode sko, hjelm og briller.
Velkomen!